Hopp til innhold

Meiner den norske spelaren sin drakt er diskriminerande

1. januar gjekk Rosenborg bort frå stjernene på logoen sin. Men Emilie Bragstad og Bayern München speler framleis med sine.

Emilie Bragstad

STJERNER: Norske Emilie Bragstad, som spiller for Bayern München, bruker fem stjerner over logoen.

Foto: NTB

– Det høyrest rart ut. Det burde ikkje vere sånn, seier ekspert på tysk fotball, Eivind Bisgaard Sundet, til NRK.

I Noreg har Rosenborg hatt to stjerner over logoen i over 20 år, men ved årsskiftet var det slutt. Årsaka var at Rosenborgs kvinnelag og herrelag fusjonerte til éin klubb.

Ei stjerne kan norske lag setje over logoen sin etter å ha vunne serien ti gonger. Rosenborg har to stjerner etter dei 26 seriemeisterskapane sine.

Rosenborg

GAMMAL LOGO: Slik såg Rosenborg sin logo ut før dei fusjonerte med kvinnelaget.

Før var stjernene brukte på logoen i fleire samanhengar, men i 2023 skal dei berre brukast på draktene og treningstøyet til herrelaget.

I Tyskland er regelen for stjerner over logoen litt annleis. Bayern München sitt kvinnelag kunne hatt éi stjerne etter dei fire titlane sine, men det er dei fem stjernene til mennene som blir brukt.

Bayern München trening

NORSK TRENAR: Alexander Straus er trenar for Bayern Münchens kvinnelag.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB

– Diskriminerande

Stjernene er ein stolt tradisjon i Tyskland. Bayern er det einaste laget med fem stjerner, men dei brukte ikkje fem stjerner før herrelaget hadde vunne sin 30. tittel.

Stjernereglane for Tyskland er følgjande:

  • Ein stjerne etter tre titlar vunne
  • To stjerner etter fem titlar vunne
  • Tre stjerner etter ti titlar vunne
  • Fire stjerner etter 20 titlar vunne
  • Fem stjerner etter 30 titlar vunne
Women's Champions League - Group D - Bayern Munich v Benfica

FEM STJERNER: Bayern-spelarane Klara Bühl, Carolin Simon og Sydney Lohmann feirar skåring mot Benfica i meisterligaen.

Foto: ANDREAS GEBERT / Reuters
Bundesliga - RB Leipzig v Bayern Munich

FEM STJERNER: Thomas Müller frå fredagens kamp mot Leipzig.

NRKs sportskommentator meiner det er ein «gammaldags» tankegang at kvinnene ikkje kan vise til merittane sine.

– Det er diskriminerande når kvinnene ikkje får lov å vise fram sine merittar, uansett om dei ikkje enda er på nivå med mennene. Det er frykteleg umoderne, seier Jan Petter Saltvedt.

Bayern München svarer

I same liga som Bayern München, den tyske Bundesliga for kvinner, bruker til dømes Wolfsburg og Frankfurt to stjerner på draktene sine. Det gjer dei på grunn av at kvinnene har vunne serien fem eller fleire gonger.

Herrelaget til Wolfsburg får ikkje lov til å bruke kvinnelaget sine to stjerner, opplyser ein talsperson for Bundesliga til NRK.

FILE PHOTO: Women's Champions League - Final - VfL Wolfsburg v Olympique Lyonnais

TO STJERNER: Danske Pernille Harder spilte med to stjerner over logen etter at kvinnelaget hadde vunne serien fem gonger. Herrene har berre vunne to. Bildet er tatt før Harder melda overgang til Chelsea.

Foto: POOL New / Reuters
Wolfsburg

NULL STJERNER: Wolfsburg og Josuha Guilavogui bruker ingen stjerner etter to titlar. Dei får ikkje lov til å bruke kvinnene sine stjerner.

Foto: RONNY HARTMANN / AFP

NRK har vore i kontakt med Bayern München, som fortel at temaet har blitt tatt opp.

– Vi har stadig diskusjonar på alle tema i klubben, inkludert spørsmålet om korleis utstyret til laga skal sjå ut. Det er allereie kome konkrete forslag på bordet, men det er for tidleg å prate om, skriv Bayern München sitt pressekontor i ein e-post til NRK.

NRK har også vore i kontakt med spelarane Emilie Bragstad og Tuva Hansen, som førebels ikkje har svart på NRKs spørsmål. Bayerns norske trenar skriv følgjande på spørsmål om stjernene er noko han har tenkt på:

– Ikkje litt eingong, slike ting reflekterer eg ikkje over, då det ikkje er viktig for meg i jobben min, skriv Alexander Straus i ei tekstmelding til NRK.

– Gjer som Rosenborg

Rosenborg-spelar Matilde Alsaker Rogde visste ikkje at kvinnelaget til Bayern München spelte med stjernene til herrane, men meiner at damene sine stjerner burde vore betre representert.

– Dei burde anten ha ingen stjerner eller at dei to laga spelte med kvar sine, sånn som vi gjer (i Rosenborg). Viss ingenting står i vegen for å gjere ting likt, burde det gjerast likt. Det er det minste ein kan forvente, seier Rogde til NRK.

Rosenborg kvinner 2021.

HADDE REAGERT: Rosenborg-spelar Matilde Alsaker Rogde.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

– Dei er jo også éin klubb, så det gir meir meining å representere begge to på same tid. Viss eg hadde vore i ein sånn situasjon, trur eg at det er noko eg hadde stussa over i alle fall, seier ho.

Viaplay-kommentator Sundet, som har følgt tysk fotball i ein årsreke, synest det er merkeleg at Bayern Münchens kvinnelag ikkje verdset merittane til kvinnene betre.

– Det verkar jo litt rart at dei skal bruke merittane til herrane. Dei har jo vunne på eiga hand. Dette var spesielt, seier Sundet.

Saltvedt meiner Bayern München kan lære av Rosenborg.

– Kvinnene må få vist fram sine merittar og mennene sine. Det er enkelt. Viss ikkje bør dei droppe det heilt, seier Saltvedt.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal