Det blei rått parti mot Bayern München, som har vore fullstendig overlegne i gruppespelet.
Barcelona hadde ei tøff oppgåve føre seg på Allianz Arena i siste kamp i gruppespelet i Meisterligaen onsdag.
Xavi sine menn måtte vinne over Bayern München for å avansere frå gruppespelet, samstundes som Benfica måtte gi frå seg poeng mot Dynamo Kiev.
Ein halvtime tok det før heimelaget fann nettmaskene, og stormakta frå Tyskland stoppa ikkje før det stod 3–0 på blokka. I tillegg vann Benfica 2-0 mot Dynamo Kiev.
Dermed er Barcelona ute, og blir katalanarane slakta for årets framferd.
– Det er trist å sjå Barcelona. Det har blitt ein tøff nedtur etter at Messi reiste, seier TV 2 sin ekspert, Morten Langli.
– Oppsiktsvekkande
Allereie til pause hadde Bayern München notert seg for to nettkjenningar.
Først var det Robert Lewandowski som køyrde rundt med Gerard Pique før han diska opp med ein lopp til Thomas Müller i boksen. Tyskaren fekk hovudet på ballen og leverte den i boge over keeper ter Stegen i mål. Mållinjeteknologien viste at ballen var over målstreken, og dermed stod målet seg.
Ti minuttar seinare var det Leroy Sané som diska opp med eit draumetreff frå distanse. Eit knallhardt treff frå 25-åringen, men strengt tatt kunne den vore redda.
– Bayern München er solide, Barcelona er det stikk motsette, seier TV 2 sin kommentator Simen Stamsø-Møller.
– Det ser ekstremt usannsynleg ut at Barcelona går vidare til sluttspelet. Utenkeleg, faktisk, skriv Gary Lineker på Twitter etter måla.
Heller ikkje Peter Crouch i BT sport sitt studio, hadde noko tru på at det skulle gå vegen for det spanske laget.
– Er det noko veg tilbake for Barcelona i andre omgang? spør BT sport sin programleiar.
– Nei, seier Crouch kontant, før han braut ut i latter.
TV 2 sin kommentator, Mina Finstad Berg, stussar over årets Barcelona-lag.
– Ein ting er at Barcelona ryk ut av gruppespelet i CL. Det som er enda verre og meir oppsiktsvekkande er at dei berre har scora to mål i heile gruppespelet. Og begge kom mot Dynamo Kiev, skriv ho.
Den påstanden stiller kollega Jesper Mathisen seg bak.
– Det var heilt sjanselaust. Dei har ikkje hatt ein einaste målsjanse, seier Mathisen.
KONTRASTAR: Leroy Sané feirar med lagkameratar, medan det er ganske så grått for Barcelona-spelarane.
Foto: ANDREAS GEBERT / Reuters17 år sidan sist
Etter pause var det Alphonso Davies som viste fram driblekunnskapane og forserte til kortlinja. Deretter leverte han frå seg ballen til Jamal Musiala, som fekk ein enkel jobb med å styre ballen i hjørnet. Eit vakkert angrep frå tyskarane, og eit fortent mål for Musiala, som verkeleg fekk krona ein god kamp med mål.
– Han har vore fenomenal, seier ekspert Mathisen.
Dermed skal Barcelona for første gong sidan 2003/2004-sesongen ikkje spele sluttspel. Den sesongen deltok dei i Uefa-cupen, som no heiter Europa League.
Det kling rart i øyrene til ekspertane.
– Det er merkeleg. Veldig rart, seier Jon Børrestad i TV 2 sitt studio.
KRISE: Jordi Alba blei bytta ut tidleg i første omgang. Det var ingen god beskjed for eit sjanselaust Barcelona.
Foto: Matthias Schrader / AP– Dei manglar intensiteten
Barcelona-trenar Xavi Hernandez vedgår at laget hans er langt, langt unna det dei skal vere. Han tok over jobben for berre fire veker sidan.
– Eg er sint. Europaligaen er ikkje nokon plass for oss. Vi må starte frå scratch, og begynne på ein ny æra etter dette. Vi har mykje å rette på, sa han etter kampen.
– Vi har hatt ein del skader, og kanskje kan vi signere nokre spelarar. Men vi må starte frå null, gjentok han.
Bayerns Thomas Müller, som scora første målet i kampen onsdag, meiner Barcelona har gde spelarar, men manglar inyteniteten som skal til.
– Ser du på dei, har dei eit godt lag med gode spelarar. Men dei kunne ikkje finne den intensiteten dei trong, og det hjelpte oss, sa Müller.
Som følgde opp på twitter: