Hopp til innhold

Stengt ute ut 2024 etter dette: – Slike hendingar skal aldri finnast i idretten

Dommar Fredrik Bjørseth Vigsnæs fryktar fleire hendingar kan svekkje dommarrekrutteringa. Onsdag fekk Høvik-spelar Dimitrij Osokin ei lang utestenging.

bandy-frank-150124--20240117-095424 rød zoom

«Slike hendingar skal aldri finnast i idretten», samanfattar sanksjons- og protestutvalet i dommen som vart kjend onsdag.

Der skriv utvalet at spelaren Høvik-spelaren Dimitrij Osokin er utestengd frå å delta i bandykampar i Noreg fram til 31.12.2024 – altså ut året.

Osokin har høve til å anke dommen.

Det var i bandykampen mellom Ullevål og Høvik 14. januar hendinga hende.

Etter at dommar Fredrik Bjørseth Vigsnæs hadde gitt ei utvising på ti minutt til Høvik-spelar Osokin, vart han treft av same spelar like etter.

Fredrik Bjørseth Vigsnæs

DOMMAR: Fredrik Bjørseth Vigsnæs.

Foto: Dag Robert Johansen / NRK

– Svært alvorleg hending

I dommen står det:

«Utvalet legg til grunn at det å konfrontere ein dommar, ved å takle denne i brystet med overlegg, med ei ikkje ubetydeleg fart og kraft, etter å ha vorte dømt til ei utvising, og spelet er stoppa, er ein svært alvorleg og fullstendig uakseptabel handling. Det synest ikkje og finnast nokon formildande omstende for handlinga».

I dommen blir det også vektlagt at Høvik-spelaren skal ha løfta kølla, noko utvalet oppfattar som ein trussel.

«Ein trussel om å slå ein dommar, slik det i denne saka tydeleg verkar, meiner utvalet er nok ei svært alvorleg hending. Ein dommar er på banen for å vareta spelereglane og tryggleiken til spelarane. Når ein som dommar opplever å bli utsette for ein slik trussel, vil dette utvilsamt gjera noko med ein», skriv utvalet om hendinga.

Dei samanfattar det heile slik:

«I denne saka er det to ulike hendingar, som begge har ei stor alvorsgrad. Varetaking av dommarar i idretten er etter oppfatninga frå utvalet svært viktig og det må av allmennpreventive omsyn reagerast svært strengt når slike hendingar finst».

Bandy

Har beklaga

Esben Hansen, sportsleg leiar for A-laget til Høvik, uttalte følgjande til NRK om saka tysdag:

– Vi beklagar hendinga. Har beklaga til dommaren.

Hansen ønskte ikkje å seia noko meir om saka etter at dommen kom.

Spelaren har heller ikkje komme med noka forklaring til sanksjons- og protestutvalet.

Då NRK snakka med dommar Fredrik Bjørseth Vigsnæs måndag, hadde han ikkje vore i direkte kontakt med den aktuelle spelaren. Han takka likevel for at Høvik har beklaga og støtta frå bandymiljøet.

– Eg har snakka med leiaren av Høvik og fått ei unnskyldning frå Høvik på situasjonen, som eg set pris på. Eg har fått mykje støtte og mange hyggjelege meldingar av bandymiljøet generelt.

Bekymra for tryggleiken

I fjor reagerte dommarmiljøet då ein kollisjon mellom ein spelar og dommar, som dommar Tarald Moe Bjølseth meinte var medviten frå spelarens side, ikkje vart straffa.

Her blir dommaren påkøyrd av spelar: – Vi kan ikkje risikere liv og helse

Vigsnæs uttalte i forkant av kampen søndag at han opplevde at dommarane hadde fått god behandling denne sesongen.

I etterkant frykta han for kva som ville skje ved fleire liknande hendingar.

– Det som skremmer meg er at vi har hatt ein situasjon i fjor der ein dommar vart påkøyrt. Så har vi denne situasjonen i år. Viss dette skal bli ei gjentakande greie, så er eg bekymra for tryggleiken til dommarar, sa Vigsnæs.

Han fryktar at slike hendingar kan vera med på å skremme potensielle bandydommarar.

– Vi slit med rekruttering, og vi slit med å få folk som ønskjer å døme bandykampar. Det er vanskeleg å få motivert folk til å vilje dømma bandykampar når ein må frykta for eigen tryggleik.

– På kva måte kan dette skremme potensielle dommarar?

– Det kan jo skremme dei med tanke på at ein ikkje ønskjer å utsetje seg for den risikoen det kan vera å dømme, sa han.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal