Hopp til innhold

Norsk sjakkstjerne vurderer å trappa ned: – Situasjonen er håplaus

Aryan Tari går hardt ut mot Norges sjakkforbund og avslører at årets VM i lyn- og hurtigsjakk i kan bli hans siste.

Aryan Tari

HARDT UT MOT FORBUNDET: Aryan Tari må betala frå eiga lomme til det kommande meisterskapet i Usbekistan.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Me får sjå kva eg gjer. Det er ikkje ein dans på roser, det er ikkje det.

Etter ein hektisk haust med oppturar og nedturar stadfestar Aryan Tari overfor NRK at han har byrja å telja på knappane.

Noregs nest beste spelar, bak Magnus Carlsen, avslører at han vurderer å trappa ned på sjakksatsinga – og setja seg på skulebenken igjen.

  • I romjula kan du sjå og følgja VM i hurtig-og lynsjakk på NRK. Meisterskapet blir arrangert frå 26. til 30. desember.

Kritisk til sjakkforbundet

Han vel likevel å delta i VM i lyn- og hurtigsjakk i Usbekistan i romjula.

Eg vurderte veldig å droppa det i år, men eg kjenner samtidig at det er eit viktig meisterskap å stilla i, fortel han.

24-åringen fortel at han ikkje har økonomien til å halda fram. Tari står utan private sponsorar. Og han har heller ikkje motteke økonomisk støtte frå det norske sjakkforbundet i år, noko han er sterkt kritisk til.

Aryan Tari

SJAKK OG SKULE: Det kan bli den nye kvardagen til den meritterte sjakkspelaren.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Eg synest det er veldig synd eigentleg. Me har Magnus Carlsen, verdas beste speler dei siste tolv åra, og likevel klarer ikkje forbundet å ha noko pengar til å senda spelarar til VM.

Tari meiner det er rart at det er såpass lite pengar i sjakkforbundet som det er. Han påpeikar at sjakk blir vist på TV i Noreg og at det er populært blant befolkninga.

– Men du visste at det var lite pengar i sjakken då du byrja å satsa?

– Det er ingen som tvingar meg til å satsa på sjakk. Eg har vunne junior-VM, og eg har vore nummer to i Noreg i mange år bak Magnus Carlsen. Likevel har ikkje forbundet noko i sponsorar eller støtte. Eg vel å satsa, men det er ikkje optimalt. Situasjonen er håplaus, fortel han.

Les også Vart håna av Niemann i direktesending: – Blir litt kvalm av det

Niemann Tari

Avgrensa økonomi i forbundet

Anniken Vestby, president i det norske sjakkforbundet, fortel til NRK at NSF har avgrensa økonomi, og støttar spelarar i lagmeisterskap som EM og OL.

I VM i hurtig- og lynsjakk må spelarane melda på seg sjølve.

Eg er den første til å beklaga at det ikkje finst pengar til å støtta Aryan i år. Han har tidlegare år søkt støtte frå fonda våre, og fått det, men i år er det dessverre ikkje meir å henta der, seier ho og fortel vidare:

Det er veldig synd om Aryan trappar ned, men også veldig forståeleg, då det er vanskeleg å leva av sjakk åleine i Noreg.

Norway Chess

VURDERER Å TRAPPA NED: Aryan Tari under Norway Chess 2023

Foto: Carina Johansen / NTB

– Beinhardt i toppen

I samband med VM blir reise og hotell på eiga rekning, og han fortel at turen til Usbekistan ikkje er gratis.

Det er jo aldri nokon garanti at ein vinn nokon premie. Eg er ein god spelar, men det er utruleg mange stormeistrar som er med, og det er beinhardt i toppen, seier han.

Han var usikker og lenge i tvil, men han skal setja seg på flyet.

Det er eit val ein må ta, og eg bestemde meg til slutt for å stilla. Men eg synest det er synd at det må vera sånn, fortel 24-åringen, som har vore proff sidan etter vidaregåande.

Han fortel om ein travel haust som har vore sterkt prega av sjakk, med både oppturar og nedturar. Han har aldri spelt så mykje som det han har gjort denne hausten.

England, Montenegro og Albania er nokre av landa han har besøkt den siste tida.

Eg har hatt nokre gode turneringar og prestasjonar. Men samtidig er det veldig vanskeleg og klare å leva av det som sjakkspelar. I alle fall no, som det er veldig lite støtte for å spela profesjonell sjakk, fortel han.

Eg vurderer jo veldig, veldig sterkt å jobba eller studera. Eg har aldri vurdert det så sterkt som eg gjer no. Per no, viss eg skal ta ei avgjerd, så byrjar eg å studera frå hausten 2024, legg han til.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal