Hopp til innhold

Noregs nye stjerner fryktar at suksessen er eit blaff: – Forma kan duppe når som helst

Både Anne Kjersti Kalvå og Tiril Udnes Weng feirar jul som verdscupleiar. Begge kjenner det nesten er for godt til å vere sant.

Tirl Udnes Weng (t.v) og Anne Kjersti Kalvå

SUKSESSFULLE: Tiril Udnes Weng (t.v) og Anne Kjersti Kalvå (t.h.) har hatt ein knallstart på sesongen. No fryktar dei form-dupp.

Foto: NTB

No fryktar eg forma kan duppe når som helst, seier Tiril Udnes Weng til NRK etter det som har vore ein eventyrleg førjulsvinter.

26-åringen frå Nes har gått alle dei ti renna i verdscupen. Det har enda med fire pallplassar og tre fjerdeplassar, og det svakaste resultatet er ein niandeplass.

Dermed leier ho verdscupen samanlagt framfor Jessie Diggins og Krista Pärmäkoski.

Omtrent like oppsiktsvekkjande har Anne Kjersti Kalvås sesongstart vore. 30-åringen frå Lundamo har endeleg fått det internasjonale gjennombrotet sitt og leier distanseverdscupen to poeng føre Weng inn i jula.

Hennar første pallplass i verdscupen kom då ho vart nummer to i den klassiske 10-kilometeren på Beitostølen 10. desember.

Den var etterlengta, etter at Kalvå hadde bitte små marginar imot seg i renna i forkant.

Anne Kjersti Kalvå i Davos

MYKJE Å SMILE FOR: Anne Kjersti Kalvå leier distanseverdscupen.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Nesten-forbanning

Det var nesten ei forbanning der, med sju tidelar til saman frå pallen på to helgar. Det var litt tragikomisk. Men eg hadde jo trua på at eg skulle klare det når eg var så nær kvar gong, så det var bra å få det til, erkjenner ho.

Likevel deler Kalvå den same frykta som Weng, at suksessen ikkje skal vare.

Det er litt sånn at ein er redd for at det er eit blaff, at den forma eg er i no skal forsvinne, erkjenner ho.

Landslagstrenar Stig Rune Kveen meiner likevel at dei ikkje har noko å frykte. Påstanden hans er at forma berre skal bli betre framover mot VM i Planica.

Med tanke på treningsarbeidet i haust og inn i vinteren, så er det ingenting som tilseier at forma skal bli dårlegare, seier Kveen.

Han peikar på at dei har halde trykket oppe på treningsmengd heilt til no, og kjem til å trene bra vidare utover i jula.

– Så vi kryssar fingrane og har lagt opp ein plan for at dei forhåpentleg skal gå fortare i januar og februar, seier Kveen til NRK.

Les også Østberg rørt av Johaug-hilsen etter pall-comeback

Flugstad Østberg og Johaug

– Eit traume som ligg der

Kalvå håpar og trur analysen til trenaren er påliteleg.

Eg kjenner ikkje at det har vore ei sånn sinnssjuk form, at eg berre har vore robust og solid og trena godt imellom. Eg kjenner faktisk at eg kan ha eit knepp til å spele på seinare i vinter, seier ho.

Det ho fryktar mest, er ein ny runde med koronaviruset som sette ein stoppar for OL-deltakinga hennar i Beijing.

– Eg er jo livredd for den coviden, eg skal innrømme det. Det er eit traume som ligg der, og vi har jo vore ganske tett på nokre tilfelle dei siste vekene, seier ho.

Kalvå reduserer risikoen med god restitusjon og å unngå å omgåast fleire enn nødvendig.

Mykje meir enn det får eg ikkje gjort. Eg prøver å ikkje la det henge over meg, og satse på at eg har litt god karma i år, smiler ho.

5tsNfkOplNc

MEIR I VENTE: Landslagstrenar Stig Rune Kveen spår at Tiril Udnes Weng vil bli endå betre til VM.

Foto: Terje Pedersen / NT

Også Tiril Udnes Weng håpar fryktar for formdupp er ugrunna.

Når vi kjem til VM og mest sannsynleg har fått trena litt og starta litt på ny med formtoppinga, så håpar eg å vere hakka betre enn no, stadfestar ho.

Frykta Frida-dominans

I så fall har den nye trenarduoen på landslaget, Stig Rune Kveen og Sjur Ole Svarstad, grunn til optimisme før både Tour de Ski, som starta nyttårsaftan, og VM i Planica i februar.

I tillegg til Anne Kjersti Kalvå og Tiril Udnes Weng, har Noreg også hatt Heidi Weng og Ingvild Flugstad Østberg på sigerspallen i vinter.

Dei fire har sørga for norsk pallplass i fem av seks distanserenn i verdscupen. Krisa som var frykta etter at Therese Johaug la opp, har ikkje slått til.

Og sjølv om dei norske kvinnene står utan individuelle sigrar i verdscupen så langt, er det ingen som har dominert så mykje at dei verkar uslåelege.

På dei seks distanserenna, står Frida Karlsson og Jessie Diggins med to sigrar kvar. Ebba Andersson og Kerttu Niskanen har éin siger kvar.

Det overraskar Kveen.

– Det er svært gledeleg at vi absolutt er på skothald med tanke på å kjempe heilt i toppen. Så vi får berre «gønne» på vidare for å utvikle oss og kjempe med nebb og klør kvar konkurransehelg.

Les også Norsk nedtur i syltynt startfelt: – Ikke bra for produktet langrenn

Jostein Vinjerui og Tiril Udnes Weng

Siste nytt

  • Marokko klare for semifinale U20-VM – kan møte Norge

    Marokko seiret 3–1 over USA i kvartfinalen i U20-VM søndag kveld.

    Dermed er Marokko klare for semifinale i mesterskapet, som går i Chile.

    Der møter de vinneren av Norge og Frankrike.

    Kampen spilles kl. 01 natt til mandag og sendes på NRK 1.

    Fouad Zahouani sendte Marokko i ledelsen etter halvtimen spilt, før USAs William Cole Campbell utlignet på straffe like før pause.

    Etter 67 minutter var USAs Joshua Wynder uheldig og satte ballen i eget mål.

    Marokkos Gessime Yassine økte til 3–1 tre minutter før fulltid.

    En gruppe menn i sportsuniformer
    Foto: Esteban Felix / AP / NTB
  • Premier League-profil skjøt Ghana til seier – sikret VM-billett

    Tottenham-stjernen Mohammed Kudus ble matchvinner da Ghana slo Komorene 1-0 og ble VM-klar søndag.

    Bare en skikkelig kollaps i søndagens kamp kunne hindre Ghana i å løse billett til neste års VM-sluttspill i USA, Mexico og Canada.

    Laget var langt på vei VM-klar før avspark, men sementerte det med å ta sin åttende seier på ti kamper.

    Kudus, som til daglig spiller for Tottenham i Premier League, scoret vinnermålet like etter pause. Han kom seg inn i Komorenes femmeter og kunne enkelt sette ballen i mål.

    Ghana er lag nummer 21 som blir klar for VM-sluttspillet. Om en måneds tid blir det klart om Norge følger etter. (NTB)

    en mann i sportsuniform
    Foto: Themba Hadebe / AP / NTB
  • Brennhet Højlund scoret igjen – forsvarstabber hjalp Danmark til seier

    Christos Zafeiris og Hellas mistet ballen i farlige posisjoner ved flere anledninger og ble straffet i 1-3-tapet mot Danmark i VM-kvalifiseringen.

    Med seieren leder fortsatt Danmark puljen på bedre målforskjell enn Skottland. Begge lag står med ti poeng etter fire kamper etter at Skottland slo Belarus 2-1 tidligere søndag. Hellas er sju poeng bak på tredjeplass.

    Dermed ligger det til rette for en rysare av en gruppefinale for Danmark borte mot Skottland i siste runde 18. november. Før den tid møter danskene Belarus hjemme, mens Skottland skal besøke Hellas.

    Rasmus Højlund, Joachim Andersen og Mikkel Damsgaard scoret målene for Danmark i søndagens seier.

    Den tidligere norske U-landslagsspilleren Christos Zafeiris, som i fjor bestemte seg for å representere Hellas, var uheldig da han etter 20 minutter sendte en for svak pasning hjem til keeper.

    Højlund snappet opp ballen og kunne enkelt sende Danmark i ledelsen.

    Højlund har hatt en kjempestart på sesongen og står med fire mål på seks kamper for Napoli. For landslaget har han scoret fire mål på fire kamper så langt i VM-kvalifiseringen. Angriperen scoret to ganger mot Belarus tidligere i uken. (NTB)

Sendeplan

Kl. Program Kanal