Hopp til innhold

Fekk hundrevis av hatmeldingar etter scoring: – Går utover mor og kjærast

Andreas Hanche-Olsen (26) var festbrems på det som låg an til å bli eit historisk gull i Tyskland. Etter kampen fylte innboksen seg opp, men ikkje berre med gladmeldingar.

Hanche-Olsen får hatmeldinger

TELEFONEN GJEKK VARM: Andreas Hanche-Olsen fekk køyrt seg av fleire etter kampen der han stupte Mainz i leiinga mot Dortmund.

Foto: NTB

For Hanche-Olsen scora eitt av Mainz sine to mål på det som skulle bli ein bekmørk dag for Borussia Dortmund.

Storlaget låg an til å ta sitt første Bundesliga-gull på ti år, men i staden sørgde nordmannen og resten av Mainz-laget for at kampen enda 2-2, og at Bayern München til slutt stakk av med gullet.

Hanche-Olsen

SCORA: Her blir Hanche-Olsen gratulert av lagkameratane etter det første målet mot Dortmund. Kampen enda til slutt 2–2. Bayern München sikra sitt ellevte strake seriegull med 2–1 borte mot Köln.

Foto: SASCHA SCHUERMANN / AFP

– Folk hatar jo Mainz og meg i Tyskland no. Dei ville jo helst at Dortmund skulle vinne for det er så lenge sidan sist. Eg har fått ein god del hatmeldingar, men også ein del hyllest frå Bayern-hald. Eg trur eg et og drikk gratis i München i sommar, seier Hanche-Olsen til NRK.

– Mykje som går utover mor og kjærast

For telefonen til bærumsguten kokte i etterkant av kampen. Det var spesielt på Instagram han fekk hets, og det var ikkje berre han sjølv som var tema for ukvemsorda.

– Mykje hatmeldingar, mykje som går utover mor og kjærast òg. Det er ein del av det. Også ein del hyllest frå Bayern-fans. Den gjekk varm etter kampen, ja, seier han.

Kor ekstremt var det?

– Det var mykje. Det var sikkert 500 meldingar rett etter match og det heldt fram. Det viste at det var ganske mange som får med seg og ser den matchen og fått det med seg.

– Har det vore noko meir enn berre meldingar?

– Nei, det har det ikkje. Det har stort sett vore det. Også er det ei kul oppleving som eg tek med meg. Eg synest jo synd på Dortmund. Eg kunne kjenne kor tungt det var for dei. Spesielt med Julian som har gjort det dritbra der, spelt alt og hadde høve til å vinne Bundesliga. Det er ganske stort, eg kjende litt med dei òg, svarar midtstopparen.

Fotball, Nations League: Slovenia - Norge (2-1)

LANDSLAGSSPELAR: Hanche-Olsen har vore fast inventar i dei siste landslagstroppane til Ståle Solbakken.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Det er det største

Trass harde meldingar i etterkant, beskriv Hanche-Olsen kampen som noko heilt spesielt. Bæringen slo gjennom i barndomsklubben Stabæk og spelte for belgiske Gent før Tyskland-opphaldet.

– Eg trur kanskje det er min største augneblink i karrieren til no. Med tanke på storleiken, trur eg det er det største. Det merka eg då eg scora, når du får eit stadion med 80.000 til å bli heilt stilt.

Etter overgangen frå Gent tidlegare i år, har Hanche-Olsen hausta mykje tillit i Mainz. Han er også teken ut til dei kommande EM-kvalifiseringskampane mot Skottland og Kypros.

Scoringa til 26-åringen mot Dortmund var det fyrste i kampen, i tillegg til å vere det fyrste han scora for Mainz.

– Så stille veit eg ikkje om den gule veggen har vore før, beskriv han.

Sportsnyheter

Sydde ti sting etter stempling i ansiktet: – Halve hodet hans var åpent

Bård Finne satte knottene rett i ansiktet på KFUM-keeper Emil Ødegaard, som endte på legevakten. Men om det var rødt kort var ekspertene rivende uenige om.

Ben White

Oppsiktsvekkjande Arsenal-grep felte rivalen: – Idiotisk av Spurs

Arsenal senka Tottenham i jakta på ligagull. Eit oppsiktsvekkjande daudballgrep frå «The Gunners» blir hylla av NRKs ekspert.

Siste nytt

  • Gulliksen usikker før den svenske cupfinalen

    Tobias Gulliksen måtte stå over Djurgårdens 1-0-seier over Gais grunnet en skade i kneet søndag kveld. Dermed står cupfinalen i fare for nordmannen.

    – Det har litt bedre, men vi får se. Kneet er hovent, så vi sjekker i morgen, sa han til Aftonbladet.

    Gulliksen var ikke med i kamptroppen etter at han pådro seg en skade. Allerede er det duket for cupfinale mot Erik Botheims Malmö.

    Europa conference leauge 2023/2024 : Bodø/Glimt - Ajax (1-2 e.e.o.)
    Foto: Mats Torbergsen / NTB
  • Thorstvedt-mål ikke nok for Sassuolo

    Kristian Thorstvedts scoring hjalp lite da Sassuolo tapte 1-5 borte mot Fiorentina i Serie A søndag kveld.

    Grønntrøyene fortsetter dermed på 19.-plass og har fem poeng opp til Empoli på trygg plass når det gjenstår fire kamper av sesongen.

    Thorstvedt skapte fornyet håp for gjestene da han banket inn 1-2-scoringen etter 57 minutter.

    Dessverre for siddisen og resten av Sassuolo-laget økte Nicolás González til 3-1 det påfølgende minuttet. Vertene var imidlertid ikke ferdig der, for bare ni minutter etter Thorsvedts scoring hadde Fiorentina satt inn ytterligere to mål.

    Dermed begynner det å se fryktelig skummelt ut for Thorstvedt & co. I kampen om å beholde plassen skal Sassuolo opp mot Inter (h), Genoa (b), Cagliari (h) og Lazio (b).

    Emil Konradsen Ceide startet kampen på benken, men kom inn etter 73 minutter. Marcus Holmgren Pedersen så hele oppgjøret fra sidelinjen. (NTB)

    Kristian Thorstvedt
    Foto: AP
  • Daland reddet uavgjort for Cercle Brugge – Vetlesen med mål og assist i Brugge-seier

    Jesper Daland berget 1-1 for Cercle Brugge hjemme mot Anderlecht, mens Hugo Vetlesen herjet i Brugges 3-0-seier borte mot Genk i belgisk fotball søndag kveld.

    Den belgiske ligaen har gått over i sluttspillsfasen, hvor Anderlecht topper mesterskapsgruppen. Det er imidlertid bare målforskjell som skiller Brugge på 2.-plass.

    Søndag gjestet Vetlesen & co. Genk, som har falt av i toppkampen etter 0-3-tapet.

    Kyriani Sabbe sendte gjestene i ledelsen etter 38 minutter, før Vetlesen doblet halvveis inn i andre omgang. Fire minutter senere gjorde nordmannen seg tellende igjen da han spilte opp Igor Thiago på 3-0-målet.

    Antonio Nusa startet også for gjestene, men ble byttet ut til pause.

    Cercle Brugge er også hektet av i gullkampen, men Daland ga imidlertid en håndsrekning til landsmann Vetlesen i kampen om ligagullet da han sikret 1-1 etter 51 minutter.

    Kristian Arnstad satt hele kampen på benken for Anderlecht. (NTB)

    Hugo Vetlesen
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal