Hopp til innhold

Ancelotti: – Var aldri interessert i Ødegaard

Tidlegare Real Madrid-manager Carlo Ancelotti kalla hentinga av Martin Ødegaard for ei PR-handling, og skriv i boka si at han aldri var interessert i å vurdere den norske 16-åringen.

Martin Ødegaard + Carlo Ancelotti

IKKJE INTERESSERT: Dåverande Real-manager Carlo Ancelotti tok imot Martin Ødegaard i fjor. Men det var motvillig, går det fram av Ancelottis bok

Foto: EFE / NTB scanpix

Dette står i Ancelottis bok «Quiet Leadership», som kom ut i mai. Der gir han uttrykk for at det var klubbpresidenten som ville kjøpe Ødegaard i januar i fjor, og at Ancelotti sjølv ikkje var interessert i å bruke han.

– Eg bryr meg ikkje om han (Martin Ødegaard) kjem eller ikkje, for han kjem ikkje til å spele for meg no, skriv Carlo Ancelotti i boka si.

I boka skriv Ancelotti at når presidenten vil hente Ødegaard som ein PR-framstøyt, er det noko han som manager må godta. Men han ønskjer ikkje å bruke han på Reals A-lag.

– Han kan bli den beste fotballspelaren i verda etter at eg er vekk, men eg er ikkje interessert i signeringa fordi det ikkje er viktig for min jobb, skriv den dåverande Real Madrid-manageren.

Quiet Leadership

BOK: – Han kan bli verdas beste fotballspelar, men eg er ikkje interessert i signeringa, skriv Ancelotti

– Ikkje interessert

Då Ødegaard faktisk kom til Real, i januar i fjor, spela Ancelotti med:

– Han er ein ung spelar med bøttevis av kvalitet, sa Ancelotti.

Quiet Leadership

STILLE LEIARSKAP: Når presidenten kjøper ein nordmann for PR, skal eg berre akseptere det. Min jobb blir å finne ein måte å gjere det på

Ancelotti skriv at han sjølvsagt behandla Ødegaard med same respekt som ein kven som helst annan ung spelar, men han ønskte ikkje å bli involvert i klubbens rekruttering.

– Han er rekruttert for framtida, for andre managerar etter meg, skriv han.

PR-framstøyt

Ancelotti strekar under at han ikkje driv med rekruttering, men at han aksepterte klubbleiingas disposisjonar.

– Det er fåfengt å slåst mot det som har skjedd. Du må akseptere det. Det er derfor vi er kalla managerar. Dersom presidenten bestemmer seg for å kjøpe nordmannen for å spele tre kampar for A-laget som eit PR-framstøyt, så vil eg finne ein måte å gjere det på, skriv Ancelotti.

Han gav seg som manager i Real Madrid etter sesongslutt i fjor. Men Ødegaard har ikkje fått meir tillit på Reals A-lag likevel.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal