Travis Moen skåra to av måla for dei nordamerikanske endene. 25- åringen frå Saskatchewan styrte mellom anna eit skot frå Scott Niedermayer i mål og førte heimelaget opp i 5-2 i tredje periode.
Moen fekk óg kreditert eit sjølvmål av Ottawa- målvakt Ray Emery. Tabben var eit bilete av korleis det kanadiske laget har takla finalane i sluttspelet. I natt verka spelarane nervøse og ute av fokus.
I tillegg skåra Rob Niedermayer, Andy McDonald, Corey Perry og Francois Beauchemin for vertskapet.
Det var óg Scott Niedermayer som vart kåra til den mest verdifulle spelaren i finalekampane i sluttspelet.
Målvakt Jean-Sebastien Giguere hos Anaheim Ducks gjorde i alt 11 redningar i oppgjeret.
Espen Knudsen sin gamle klubb vart med dette det første laget frå California til å vinne Stanley Cup. Ducks er og den første klubben i West Coast National Hockey League som vinn den enorme pokalen i moderne tid.
Anaheim Ducks kom til finalesluttspelet i 2003, men tapte 4-3 i kampar for New Jersey Devils.