Me blei kjent med ho i fjor som vårt neste store friidrettshåp. Amalie Iuel fekk norsk statsborgarskap på plass rett før U23-EM og kvalifiserte seg til VM på 400 meter hekk.
I helga knalla ho til med tidenes tredje beste poengsum av ei norsk kvinne i sjukamp. 6011 poeng er innanfor EM-kravet, og ikkje langt bak OL-kravet på 6220. Kanskje var det berre det dårlege vêret på dag to som hindra ho i å sette norsk rekord.
Rett bak Okparaebo
– Ho hadde tatt noregsrekorden i sjukamp hadde det ikkje vore for vinden og det kalde vêret den andre dagen. Eg meiner også det var den beste 200 meteren ei norsk kvinne har gjort, om ho hadde vore litt heldigare med vinden hadde ho tatt rekorden, seier Jo Nesse, sportsleg leiar i Iuels norske klubb Tyrving.
Med 23.41 var 22-åringen berre 11 hundredelar bak den norske rekorden til Ezinne Okparaebo.
– Tidene er heilt fenomenale. Ho har verkeleg heva seg i vinter og har alt sprunge eitt sekund fortare på 400 meter enn ho gjorde i fjor.
Bør satse på hekk
NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal blir optimistisk av å sjå Iuels prestasjonar.
– Det er imponerande og eit veldig godt sjukamp-resultat. Den 200-meteren er heilt fantastisk. Amalie er ei av dei norske jentene som har gjeve meg størst håp om medalje på mange år, seier Rodal,
Han har stor tru på at 22-åringen som studerer og konkurrerer ved «gullfabrikken» University of Southern California kan få OL-debuten i Rio.
– Ho har store sjansar for å ta OL-kravet, og størst på 400 meter hekk. Eg håpar framleis at eg får sjå at Amalie prioriterer enkeltdistansar framfor sjukampen. Kastresultata hennar er nok litt for svake til å få til eit toppnivå i mangekamp, meiner Rodal.
Sportssjef i friidrettsforbundet, Ronny Nilsen er einig i at det er 400 meter hekk, Iuel har det største potensialet på kort sikt.
– Per i dag har ho størst sjanse der. Om ho pressar tidene ned på 55-talet kan ho fort kjempe om semifinaleplass i OL og finale i EM, seier Nilsen.
Klar for langhekk til helga
Sjølv om det er 400 meter hekk som er spesialdistansen utelukkar ikkje Iuel at sjukamp kan bli aktuelt.
– Kva eg gjer i EM og OL kjem litt an på korleis eg gjer det dei neste vekene framover på langhekken, seier ho til TV2
I Seattle til helga er fyrste skikkelege sjanse til å sikre OL-billett på 400 meter hekk.