- Vår ambisiøse plan er å teste 100 prosent av alle som skal delta, sa Salt Lakes OL-sjef Mitt Romney på møtet i Den internasjonale olympiske komite (IOK) i Moskva.
- Det har aldri vore gjort før, men vi er overtydde om at det er viktig for å unngå spekulasjonar om juks, seier Romney.
Arrangørane i Salt Lake City vil samarbeide tett både med antidopinbyåret WADA og med dei nasjonale idrettsforbunda for å få dette til.
Fire månader
Desse testane blir gjennomførte i dei fire siste månadene før OL-opninga 8.februar.
Straks deltakarane flytter inn i OL-byen, er det arrangørane sjølve som overtek ansvaret for testinga.
Som før blir det også obligatoriske dopingtestar rett etter øvingane, både av alle medaljevinnarane og tilfeldig utvalde andre utøvarar.
Stikkprøver
Ved den førre vinterleikane, I Nagano i 1998, vart det ikkje teke dopingprøver av utøvarane på førehand. Men i sommar-OL i Sydney i fjor vart det teke stikkprøver av påmelde deltakarar før start, men berre ein brøkdel av alle deltakarane vart testa.
Det er venta om lag 2500 aktive til OL, som blir avvikla i februar.
Dette testeprogrammet er kostnadsrekna til om lag ein million dollar, eller vel 8,7 millionar kroner. OL-arrangørane skal forhandle med styresmaktene i USA om dekning av desse midlane.