Hopp til innhold

Markeng ut på båre etter fall – men ikkje beinbrot

KLINGENTHAL/OSLO (NRK): Thomas Aasen Markeng fall stygt og vart frakta ut på båre etter eit langt hopp i den første omgangen. Marius Lindvik heidra lagkameraten med å ta sin første pallplass i karrieren.

I kveld får NRK vite av sportssjef Clas Brede Bråthen at det ikkje er brot. Markeng reiser heim saman med resten av laget måndag, og skal rett til MR-undersøking i Oslo.

– Nei, nei, la oss håpe det ikkje er kneet, sa NRK-ekspert Johan Remen Evensen rett etter fallet.

Aasen Markeng levert eit langt hopp på 131 meter, men rett etter landinga fall han stygt i høg fart. Han vart liggande lenge og vri seg i smerte, før han vart frakta ut på båre.

Etter falle heldt han seg til kneet, og i videoen såg det ut som han fekk ein vriding i kneet under fallet.

I unnarennet vart det heilt stille hjå publikum.

– Eg veit ikkje. Eg må sjekke, svarte Aasen Markeng på spørsmålet frå NRK om han frykta at det er korsbandet.

– Det var det første eg tenkte, men eg håpar ikkje det.

Han vart køyrt vekk frå hoppbakken i ambulanse.

Hoppsjefen måtte vri seg vekk

Johann André Forfang hadde akkurat hoppa og stod i målområdet, då han såg lagkameraten falle stygt.

– Det er veldig ubehageleg og kjedeleg. Ser jo at det ikkje gjekk heilt bra. Eg såg han kom sklidande ut, seier Johann André Forfang til NRK.

Verdenscup hopp menn

SJUKEHUS: Aasen Markeng på veg til legesjekk etter det stygge fallet. Han fryktar at det kan vere korsbandet.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Hoppsjef Clas Brede Bråthen måtte vri seg vekk, då NRK synte han bilete av fallet.

– Det er heilt jævlig å sjå. Det ser ut som kneet får ei vriding som vi har sett for mange gonger dei siste åra på utøvarane våre. Vi får verkeleg håpe at det ikkje er det vi frykta.

Ifølgje Bråten har 19-åringen vore ute med same type skade, som dette kan vere, tidlegare.

– Det er berre vondt. No veit eg at han blir tatt vare på av det beste medisinske apparatet som er å oppdrive i denne regionen, og får tett oppfølging av vår fysioterapeut heile vegen. Det er vel ikkje lang tid før vi er i kontakt med ekspertisen heime i Norge heller når vi har fått ein oversikt over kva som kan ha skjedd.

Trenar Alexander Stöckl opplyser at det vil blir tatt røntgen av kneet til ungguten i kveld, men ein vil ikkje få gjennomført MR som kan avsløre om korsbandet er råke, før dei er tilbake i Norge i morgon.

– Status er han ikkje har vondt lenger. Om det er bra eller dårleg er vanskeleg å sei.

Lindvik på pallen

Trass skaden til Aasen Markeng, leverte fleire av dei norske utøvarane gode hopp. Marius Lindvik hoppa 134,5 meter og sikra seg karrierebeste med ein sterk 3.-plass.

Verdenscup hopp menn

PALLPLASS: Marius Lindvik sikra seg ein sterk 3.-plass etter eit hopp på 134,5 meter i Tyskland.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– No har eg det jævlig bra. Endeleg får eg kome på pallen. Dette er sjukt gøy, sa Lindvik til NRK.

Og sjølv om det var ein skår i gleda at lagkompisen var sendt til sjukehus etter det stygge fallet.

– Ja, veldig kjedeleg. Alle gutane tok det tungt.

For den norske hopptrenaren vart det også ein spesiell dag i den tyske hoppbakken.

– Det er ein rar dag. Den fantastiske innsatsen til Lindvik og så har du skaden på den andre sida. Skal du glede deg eller vere trist?, spør Stöckl seg sjølv.

Johann André Forfang tok ein sjuandeplass, medan Robert Johansson enda på plass nummer 11.

Daniel-André Tande fekk det ikkje til i dag og måtte ta til takke med ein 18.-plass. Robin Pedersen kvalifiserte seg ikkje til finaleomgangen.

Ryoyu Kobayashi vann hopprennet føre austerrikaren Stefan Kraft.

Uhell på uhell

Aasen Markeng er ikkje den einaste hopparen som har vore uheldig denne helga i Tyskland.

Daniel-André Tande skada seg i ankelen, då ein ski kom flygande og trefte han under prøveomgangen fredag. Han måtte difor stå over lagkonkurransen i går.

Tande

UHELL: Tande skada seg i ankelen fredag, etter at ein ski kom flygande på toppen av hoppbakken og trefte han i foten.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Aasen Markeng frå Lensbygda leverte sin beste prestasjon i karrieren, då han hoppa inn til ein sterk 5.-plass i Russland sist helg.

Dette etter at han var uheldig og hadde blitt sendt heim frå Russland tidlegare i veka, fordi han ikkje hadde gyldig visum.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Stortalent scoret hattrick – ordnet dansk drømmeåpning i EM-jakten

    Rasmus Højlund (20) scoret alle målene for Danmark da Finland ble slått 3–1 på hjemmebane i EM-kvalifiseringen torsdag. Det skjedde i hans tredje landskamp.

    Atalanta-spissen sendte danskene i ledelsen i Parken etter 21 minutter, men Oliver Antman utlignet for finnene ti minutter etter pause. Åtte minutter før slutt scoret Højlund sitt andre mål, og på overtid fullbyrdet han hattricket.

    Det var hans første landslagsmål siden debuten i september i fjor. Da ble det to innhopp mot Kroatia og Frankrike i nasjonsligaen. Torsdag fikk han tillit fra start og takket for det med tre nettkjenninger.

    Højlund har gått gradene raskt i det danske landslagssystemet. Han rakk bare å spille tre kamper for U21-laget før debuten for A-laget. 20-åringen gjorde unna sine første oppgjør for U21- og A-landslaget med tre måneders mellomrom.

    Han har scoret sju mål på 23 kamper for Atalanta i Serie A denne sesongen.

    Danmark møter Kasakhstan borte i neste runde av EM-kvalifiseringen. Nord-Irland, Slovenia og San Marino er også en del av puljen.

    (©NTB)

    Rasmus Højlund
    Foto: LISELOTTE SABROE / AFP
  • Ronaldo med verdensrekord og måldobbel for Portugal

    Cristiano Ronaldos Portugal lekte seg til 4-0-seier over Liechtenstein i EM-kvalifiseringen torsdag kveld.

    Ronaldo, som scoret to av kampens mål ble fotballhistoriens mestspillende landslagsspiller med sin 197. opptreden for hjemlandet.

    João Cancelo sendte Portugal i ledelsen etter kun åtte minutter med et lavt skudd via to spillere.

    Bernardo doblet ledelsen like etter pausen, før Ronaldo klinket til med to raske mål med drøye ti minutters mellomrom.

    Torsdagens oppgjør var tidligere Belgia-sjef Roberto Martínez' første som trener for det portugisiske landslaget.

    cristiano ronaldo
    Foto: Armando Franca / AP
  • England brøt forbannelsen mot Italia – Kane ble historisk

    For første gang siden 2012 vant England over Italia.

    Italienerne åpnet best på hjemmebane, men England fikk maks ut av et hjørnespark fra Bukayo Saka etter 12 minutter. Harry Kane var først på ballen, men skøyt på sisteskansen. Ballen spratt videre til Declan Rice som sendte England i ledelsen.

    Italia bar preg av et rotete forsvar i store deler av kampen, og Giovanni Di Lorenzo ble synderen med hands innenfor 16-meteren like før pause.

    Kaptein Kane fikk en gylden mulighet til å doble ledelsen med straffespark, og det gjorde Tottenham-spissen som satte rekord med sin 54. landslagsscoring. Han passerte med det Wayne Rooneys målrekord for England.

    Få minutter senere fikk Jack Grealish en gigantisk mulighet til å sette 3–0 etter en strålende assist fra Kane. Men på magisk vis gikk ballen utenfor mål.

    Etter hvilen hadde italienerne funnet ny giv.

    Med drøye ti minutter spilt av andre omgang fant Lorenzo Pellegrini debutant Mateo Retegui som satte ballen sikkert i nettveggen.

    Luce Shaw pådro seg to gule kort på to minutter. England måtte dermed spille de siste ti ordinære spilleminuttene med ti mann.

    Et desperat Italia mestret likevel ikke å utligne mot engelskmennene som gikk seirende ut 2-1.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste