Hopp til innhold

Vart nekta innreise til Russland: – Var ubehageleg og kjedeleg

GARDERMOEN/OSLO (NRK): Den ferske landslagshopparen Thomas Aasen Markeng (19) vart i dag sendt heim att frå Russland med første fly. Årsaka var at han hadde gløymt å fornye passet sitt.

Visumtrøbbel

VISUMNEKT: Thomas Aasen Markeng vart stoppa i Russland med utgått visum og vart sendt heim til Noreg.

Foto: Andreas Hagen / NRK

– Eg må vere så ærleg å seie at det var ubehageleg. Russarane er jo eit strengt folkeslag. Dei tok passet mitt og eg vart sittande i fleire timar og vente, seier 19-åringen til NRK etter å ha kome tilbake på norsk jord i formiddag.

Ungguten frå Lensbygda på Toten har fått ein god start i debuten som landslagsutøvar og skulle i helga saman med resten av det norske landslaget til Nizjnij Tagil og hoppe. Men i passkontrollen i Moskva vart det bom stopp for nordmannen.

Verdencup i Holmenkollen. Individuelt hopp menn Raw Air

VISUMNEKT: Den unge landslagshopparen vart sittande fleire timar å vente på svar i Russland.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– Dei andre gjekk gjennom før meg. Eg visste ikkje kva som skjedde. Vart berre sittande i ein krok og vente. Alle dører rundt meg vart stengt. Etter fleire timar fekk eg beskjed om at eg berre måtte dra heim att, fortel Aasen Markeng som måtte overnatte på flyplassen.

Først i dag tidleg fekk han tilbake passet sitt, vart følgd til gaten og sendt med første fly heim til Noreg.

– Det er sjølvsagt kjedeleg og sikkert ei ubehageleg oppleving. Spesielt å bli stoppa i eit land der språket er litt vanskelegare å kommunisere på enn kva vi er vande til, seier hoppsjef Clas Brede Bråthen, som hadde møtt opp på Gardermoen for å ta imot landslagshopparen.

– Min feil

Forklaringa på det heile er at passet til den unge utøvaren går ut i mai. Så lenge det er mindre enn seks månadar til passet går ut, så er ikkje visumet gyldig. Men det vart først oppdaga etter at nordmannen hadde landa i Moskva.

– Det er jo min feil. Eg fekk beskjed om å sjekke at pass og visum var gyldig før vi skulle dra. Eg gjekk ut frå at det var gyldig, sidan dei andre sine visum var gyldige, seier Aasen Markeng.

NM Hopp 2019: Normalbakke Kvinner / Menn

KJEDELEG: Clas Brede Bråthen møtte opp på Gardermoen i formiddag for å ta i mot den unge landslagshopparen.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Leiinga i hoppforbundet skal ha sendt ut fleire beskjedar om at utøvarane skulle sjekke dette på førehand. Det er heller ikkje første gong. I haust gløymde han passet sitt på veg til hopprenn i Polen.

– Thomas er ein vaken kar. Vi er ikkje så opptekne av kven sin feil det er, men mest opptekne av å lære av det. Kan jo vere han må ha ein eigen assistent i framtida, seier hoppsjefen og ler.

– Du er framleis ein juniorløpar. Kan vi kalle det ein juniorfeil?

– Nja, vil vel kanskje ikkje seie det. Ei misforståing, meiner hopparen sjølv.

Mistar viktig renn

For Aasen Markeng svir det ekstra kjipt å gå glipp av rennet i Russland. Sist helg tok han ein sterk 10.-plass i den individuelle konkurransen i finske Ruka. Han var også med på laget som tok 2.-plass i lagkonkurransen i polske Wisla under opningshelga.

– Det er kjedeleg. Eg hadde gleda meg til å hoppe i Russland. Det ser ut som ein fin bakke og ein bakke som hadde passa meg bra.

Laghopp

LAGHOPP. Thomas Aasen Markeng (t.v.) tok saman med Daniel André Tande, Robert Johansson og Marius Lindvik ein sterk 2.-plass i lagkonkurransen i Wisla.

Foto: Janek Skarzynski / AFP

Ein litt oppgitt hoppsjef, som understrekar at det å bli nekta innreise til Russland nødvendigvis ikkje er det verste som kan skje ein skihoppar, synst situasjonen er kjedeleg.

– Han går glipp av eit viktig renn i helga. Og det i ein periode der han er i veldig god form. Men det er mange ting som kan gå feil når ein driv med skihopp. Først må man klare å komme seg fram til destinasjonen og det har ikkje Thomas lykkast med enno.

Håp om å rekke rennet på søndag

For alt håp er nemleg ikkje ute.

Russiske styresmakter har vore svært villige til å rydde opp i situasjonen. Etter landing på Gardermoen fekk ungguten nytt naudpass. Tidleg i morgon har han fått avtale på den russiske ambassaden i Oslo.

Om alt går etter planen kan han rekke kvalifiseringa og rennet på søndag.

– Du har alltid litt ekstra å gå når du framleis er junior, seier hoppsjefen med eit smil.

VENTAR PÅ NAUDSPASS

NAUDPASS: Den norske skihopparen måtte rett til norsk politi og sikre seg naudpass etter at han landa på Gardermoen.

Foto: Andreas Hagen / NRK

Men det er ikkje berre for han sjølv dette skaper problem. I bagasjen, som heller ikkje fekk kome inn i Russland, hadde Aasen Markeng også eit av skipara til hoppkollega Robert Johansson.

– Han har mange gode skipar, så han har litt å velje mellom. Så eg fekk beskjed om at det ikkje var krise.

Sportsnyheter

Idrettstinget

Høy temperatur før Al-Samarai vant presidentvalget: «Verdensmesterskapet i å snakke stygt»

Både styremedlem Astrid Uhrenholdt Jacobsen og håndballpresident Kåre Geir Lio holdt flammende innlegg før valget i Norges idrettsforbund. Så ble Zaineb Al-Samarai valgt til ny president.

Siste nytt

  • Tilskuer siktet for Hillsborough-harselering

    En tilskuer er siktet etter å ha hatt på seg en støtende drakt som refererte til Hillsborough-tragedien i 1989 under FA-cupfinalen mellom Manchester United og Manchester City lørdag. Det melder NTB.

    På drakten sto tallet 97 og teksten «ikke nok». 97 er antall mennesker som døde som følge av tragedien under semifinalen i FA-cupen mellom Nottingham Forest og Liverpool for 34 år siden.

    Bildet av drakten har blitt flittig delt i sosiale medier, og lørdag kveld opplyste London-politiet at mannen var anholdt for å ha «forstyrret den offentlige orden».

    Søndag er mannen siktet for å «vise truende eller fornærmende skrift som kan oppfattes som trakassering», ifølge BBC. Han må møte i retten mandag

    FA cup finalen juni 2023
    Foto: AP
  • Mikkelsen vant WRC2-klassen på Sardinia

    Andreas Mikkelsen utnyttet rivalens feil og kjørte inn til seier i WRC2 i Rally Sardinia søndag.

    Mikkelsen var 31 sekunder bak franske Adrien Fourmaux før siste fartsprøve i Italia.

    Der endte Fourmaux utenfor veien etter litt over én kilometer, noe som banet vei for Mikkelsen-triumf. Han står med åtte seirer i WRC2.

    Nordmannen ble nummer fem sammenlagt i rallyet. Belgiske Thierry Neuville vant toppklassen.

    Oliver Solberg hang langt bak etter de første dagene av rallyet og hadde ingen muligheter for en topplassering.

    Neste VM-runde i rally er i Kenya 22-25. juni.

    (©NTB)

    Andreas Mikkelsen
    Foto: Berit Roald / NTB
  • Motorsyklist døde i ulykke under Ironman

    En person er død etter en alvorlig ulykke mellom motorsykkel og sykkel under EM i Ironman i tyske Hamburg søndag.

    Mannen, som døde på stedet, kjørte en motorsykkel med kamerapersonell på da ulykken skjedde under sykkeldelen av konkurransen.

    Syklisten ble sendt til sykehus med alvorlige skader, men livet hans står ikke i fare. Kameramannen på motorsykkelen ble sendt til sykehuset med mindre skader.

    – Ingen vet hva som var grunnen til kollisjonen, sier politipersonell til ARD.

    Konkurransen ble senere fullført. Arrangøren i Hamburg sier at avgjørelsen ble tatt av Det internasjonale triatlonforbundet, som eier og styrer Ironman.

    (©NTB)

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste