– Dette er krise for mannen som ligg på gullplass. Det er typisk Mark Canvendish, å rote seg borti eit eller anna. Er dette lov då? Det er ei takling, det er hockey dette her, seier TV 2s OL-kommentator på sykkel, Ole Kristian Stoltenberg.
Mannen som låg på gullplass var italienaren Elia Viviani, men med om lag hundre rundar att av poengløpet gjekk han i bakken, saman med to andre ryttarar.
Grunnen til det? Mark Cavendish. Den britiske sprintstjerna tok alle midlar i bruk, for å ta OL-gull i banesykling.
I den eine svingen «takla» han sørkoreanske Sanghoon Park, som velta, og bakfrå kom Viviani som ikkje klarte å stoppe og gjekk ned han også.
Artikkelen fortsett under bilde.
Men heldigvis for Viviani. Han vann til slutt gullet, med Cavendish på sølvplass. Park frå Sør-Korea (som vart «takla» først) vart frakt ut av hallen på båre.
– Elia (Viviani journ.anm) var den best der ute. Eg har fått ein olympisk medalje og er nøgd med det, men eit gull hadde smakt betre, seier Cavendish til BBC.
Men taklinga til Cavendish skapte reaksjonar på Twitter.