«
» heiter programmet frå skytingane som avsluttar Landsskyttarstemnet 2013. Det handlar om å skyte raskare og treffe betre enn konkurrenten, om enn på ein litt Det kan du sjå her på NRK.no og på NRK1 i kveld klokka 20.Det er stangskyting og felthurtigskyting det dreier seg om. I begge greinene er det dei 16 beste frå den innleiande skytinga tidlegare under stemnet som får vere med.
Medan kvinnene kjempar jamt med mennene i baneskytinga, er dei fråverande i hurtigskytingane. Faktisk har aldri ei kvinne klart å kome seg til finalen i nokon av dei to greinene.
Dette har Det frivillige skyttervesen bestemt seg for å gjere noko med. I sommar har dei derfor arrangert
, med tanke på å rette opp kjønnsbalansen i hurtigskyting. Det har ikkje hjelpt på kort sikt, men kan forhåpentleg hjelpe etter kvart.Stangskyting
Nei, dette har ingenting å gjere med å skyte på ei stang. Det fulle namnet er Oberst Stangs minneskyting. Stang levde frå 1858 til 1907, og stangskytinga har eksistert på LS-programmet sidan 1912.
Skyttaren skal treffe to ulike feltfigurar – "småen" og kvartfiguren – med ulike avstandar flest mogeleg gonger i løpet av 2 x 25 sekund. "Småen" skal plasserast på ein avstand mellom 125 og 175 meter unna standplassen, og kvartfiguren mellom 200 og 250 meter vekke.
På Landsskyttarstemnet er dei ulike avstandane kjende for skyttaren. I dei fleste andre stemna skyt skyttaren på ukjend avstand.
Før skyting fyller skyttaren magasinet og har for hand hurtigladarar eller ekstra magasin for å ha nok skot for hand.
Geværet skal ha kolben i bakken og vere sikra, og skyttaren skal ha fullt grep om kolbehalsen når standplassleiaren kommanderer klar. Deretter kan skyttaren oppheve sikringa og legge geværet i anleggsstilling før det blir kommandert eld.
Den som samla klarer flest treff, er vinnar. Står det likt, er vinnaren den som har flest treff på det lengste haldet. Er det likt der også, blir det omskyting.
Trond Glidje er den suverent beste etter den innleiande skytinga med heile 31 treff. Det er fem meir enn nummer to, John Olav Ågotnes.
Felthurtigskyting
Her skal skyttaren på kortast mogeleg tid treffe tre ulike feltfigurar i rett rekkjefølgje.
Dei tre er "småen", fjerdedelsfigur og tredjedelsfigur. "Småen" er maks 150 meter unna, fjerdedelsfiguren maks 225 meter vekke og fjerdedelsfiguren maks 275 meter unna skyttaren. Også her er avstandane kjende på Landsskyttarstemnet.
Skyttaren ladar også her geværet med fullt magasin, seks skot. Men her er det ikkje nødvendig med reservemagasin, ettersom det ikkje er lov å skyte meir enn seks skot. Har du ikkje treft då, har du tapt uansett.
Skyttaren startar i ståande stilling med geværkolben i bakken og geværet sikra – det som på militært heiter "ved foten gevær".
Når det blir kommandert eld, skal skyttaren kaste seg ned, oppheve sikringa, og treffe dei tre blinkane. Det er derfor øvinga har fått populærnamnet "stupar".
Tore Nilsen var den raskaste i den innleiande skytinga. Han trefte sine tre blinkar på 8,00 sekund. I fjor var vinnartida 7,77.
Maks 45 grader med føtene
Det er ikkje måte på detaljar skyttaren må hugse på når han stiller seg opp. Slik står det i reglementet i skyteboka:
• Skytteren stiller seg opp vendt mot skivene.
• Hælene skal være sammen og på høyde med hverandre.
• Det skal være ca. en knyttneves avstand mellom innsiden av skotuppene.
• Fotretningen (senterlinjen mellom føttene) kan maksimalt være 45 grader til side for det første målet.
• Knærne strake og kroppen oppreist i en rak posisjon.
• Kroppen svakt hellende framover slik at vekten er midt over fotsålene.
• Kolben på våpenet plasseres i bakken inntil skoen/foten, ikke foran skotuppen.
• Våpenet skal peke skrått framover.
• Armen som ikke holder våpenet skal henge naturlig ned, og hånden plasseres inntil hoften/yttersiden av låret.
• Skytteren skal stå helt i ro til det kommanderes ILD
På Landsskyttarstemnet fungerer konkurransen som ein duell. Dei 16 i finalen møtest to og to, og vinnaren går vidare til neste runde. Bestemann frå den innleiande skytinga møter nummer 16, nest beste møter nummer 15, og så vidare.
Det betyr at det heile endar opp i ein finale, der den raskaste skyttaren vinn.
Det blir alltid dramatikk på desse finalane, og det kan du få med deg klokka 20 i kveld.