NRK Meny
Normal

Jenter på kurs for å stupe og skyte

Ingen jenter har hittil kome seg til finalen i hurtigskytingane på Landsskyttarstemnet. No skal dei gå på kurs for å endre på dette.

Felthurtigskyting

'Stuper'n': Her kastar skyttaren seg ned for å treffe tre feltfigurar så raskt som mogeleg i felthurtigskytinga

Foto: Knut E. Haug

Det gjeld øvingane stangskyting og felthurtigskyting. Ved sida av kongelaget er det dei mest populære skytingane, og har i lang tid hatt sitt eige program – "Texas på landsskyttarstemnet" – på NRK.

Men der har så langt jentene altså glimra med sitt fråver.

Jentene har vore godt representerte i kongelaget i baneskyting i mange år, og i 2006 gjekk Mette Finnestad heilt til topps. Men aldri i hurtigskyting.

– Feil signal

– Vi i Det frivillige skyttervesen (DFS) kan skryte av å ha ein idrett der menn og kvinner kan konkurrere mot kvarandre i same klasser.

Då gir det eit feil signal at ingen kvinner enno har nådd finalen i desse to hurtigskytingane, seier utdanningsansvarleg Engebret Mjøseng til NRK.no.

DFS har fått ekstramidlar frå Forsvarsdepartementet, og skal arrangere fem kurs – eitt i kvar landsdel – rundt månadsskiftet juni/juli. Alle kvinnelege skyttarar frå junioralder og oppover er inviterte, men det er plass til berre 16 på kvart kurs.

Skal lære hurtig-teknikk

Skytterdronning Mette E. Finnestad

Mette Finnestad har blitt skyttardronning, og mange andre jenter har vore med heilt i toppkampen i baneskyting. Men i hurtigskytingane heng dei langt etter

Foto: Vidar Lorentzen / SCANPIX

Kursa skal gi opplæring i dei viktigaste teknikkane i dei to øvingane. Dei skal også arrangerast i tilknytning til landsdelsstemne eller andre større regionale stemne. Dermed blir det også sjanse for jentene til å prøve lærdommen i praksis.

– Dette håpar vi skal gi inspirasjon til vidare eigentrening, slik at vi kan auke nivået på jentene i hurtigskyting, seier Mjøseng.

– Er målet å få ei jente i finalen allereie på Oppdal i august?

– Det hadde vore heilt topp om det skjedde allereie i år. Men siktemålet meir langsiktig enn som så, seier Engebret Mjøseng.

–Korleis er interessa og påmeldinga så langt?

– Det er nok rett å seie at den er litt avventande. Men det er ei stund att til søknadsfristen går ut, og vi håpar og trur at påmeldingane vil kome når fristen nærmar seg, seier han.

Siste nytt

  • Klar for Tour de France-lag

    Anders Skaarseth skal sykle for det franske profflaget Cofidis fra 1. august. Det har TV 2 fått bekreftet av en rekke kilder tett på 23-åringen. – Det er en spennende mulighet for Anders, sier sykkelsjefen i Uno-x, Jens Haugland til TV 2.

    SYKKEL-VM BERGEN 2017.
    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
  • Raw Air-deltakelse fremdeles uklart

    Det er fortsatt usikkert om hoppjentene får delta i Raw Air til vinteren. OL-vinner Maren Lundby håper Norges Skiforbund får inn nok penger til å ta med hoppjentene. – For oss som legger sjela vår i denne idretten, vil det bety svært mye, sier hun.

    Hopp landslagene menn og kvinner i VM-sesongen blir offentliggjort.
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • NRK sender X Games

    X Games i Minneapolis starter i natt, med menn skateboard kvalifisering klokken 02.00 norsk tid. Alt fra skateboard, BMX og motorcross i X Games kan du se på NRK.no.

    Norske Hermann Stene skal i aksjon i menn skateboard street kvalifisering fredag. Det kan du se på NRK 3 fra klokken 21.45.

    X Games Oslo 2018: Street skate
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Tour de France: 11. etappe
Sport i dag
X Games Minneapolis -- Menn Skateboard Vertical kvalifisering