Hopp til innhold

«Er det så flaut for Lions å ta tilbake Rugland?»

ESPN-kommentator kastar seg på hylekoret som krev kickerfenomenet Håvard Rugland tilbake i amerikansk fotball. Sjølv er nordmannen sikker på at han ville levert bedre enn floppane i gamleklubben Detroit Lions.

Håvard Rugland

STJERNE FOR EIN SOMMAR: Han var fansens favoritt, men blei etter kvart vraka i Detroit Lions. Over eitt år etter roper fansen fortsatt etter nordmannen.

Foto: Paul Sancya / Ap

Sidan han sist prøvespelte for ein NFL-klubb har Håvard Rugland venta, venta og venta på invitasjon tilbake i det gode selskap.

I nesten eitt år har det vore musestille rundt den norske kickeren, som blei vraka av Detroit Lions like før fjorårets NFL-sesong.

No går dagane med til å sparke ball aleine i Stavanger.

– Korleis vil du beskrive ventetida?

– Av og til kan ein bli utålmodig, men det går bra med meg. Eg er faktisk veldig komfortabel med å bare sparke ball, seier Rugland, som ikkje trur manglande evner er grunnen til at han ikkje har blitt tatt tilbake.

På eit gigantisk, overraskande blunk gjekk Rugland frå å vere miljøterapeut og hobbyfotballspelar til å spele for over 40 000 tilskodarar i NFL-forsesongen - mot fleire av USAs største idrettsnamn.

Havard Rugland

HÅPET: ESPNs David Fleming ber Detroit Lions ringe Håvard Rugland for å få opp entusiasmen rundt klubben.

Foto: David Richard / Ap

Men på eit blunk var også eventyret over for fenomenet som blei plukka opp på Youtube.

No har det gått så mange dagar sidan Rugland sist var «i skuddet» at ein skulle tru at han har gitt opp.

– Kor lenge kan du gå før du gir opp?

– Eg har ikkje sett nokon dato for det. Eg hadde knapt spent ein amerikansk fotball då eg fekk sjansen, så eg føler at eg har ein del å vise. No tenker eg først og fremst på å komme meg inn igjen, men dersom eg ikkje får sjansen i neste forsesong må eg vurdere kva eg skal gjøre med situasjonen, seier Rugland.

Ser på «ein pæreforma nordmann med eit teit kallenamn» som redninga

På same tid i Detroit, USA:

På Twitter tryglar fleire Lions-fans om å få publikumsyndlingen frå Ålgård tilbake. I klubben har det vore kicker-krise sidan Rugland var med i oppkøyringa til fjorårssesongen.

No stiller ein av ESPNs store kommentatorstemmer i front av hylekoret, som refsar klubben i kickerkrise.

Ifølge David Fleming er «ein pæreforma nordmann med eit teit kallenamn», også kalla sirkus Rugland, den einaste som kan redde stumpane.

«Gjør som meg, før det er for seint: Krev at Lions tar tilbake Rugland, som kan endre kickersituasjonen frå Yipalicious (latterleg) til Kickalicious».

«Kor ille er det i Lions? Vel, eg er dobbelt så god som dagens Lions-kickerar. Det er du også».

FBN-SPO-GREEN-BAY-PACKERS-V-DETROIT-LIONS

FLOPP 1: Nate Freese.

Foto: Leon Halip / Afp

Fleming siktar først og fremst til Nate Freese og Alex Henery, som var etterfølgarane etter Ruglands overmann David Akers, og som begge har fått prøve seg og gjort kickerfaget til skamme i løpet av sesongen.

No brukar Lions Matt Prater, som måtte stå over sesongens fire første kampar fordi han hadde brutt NFLs alkohol-regelverk.

«Lions har lagt skjebnen i hendene til ein spelar som kan bli utestengt i eitt år om han tar seg ein drink til».

«Har han ikkje lidd nok i Norge?»

«Det er lett for sjølvhøgtidlege fotballfagfolk å avvise Rugland og stemple han som ein Youtube-gimmick, som kickingens Justin Bieber. Ja, det er litt som å tru at du kan finne ei framtidig quarterback-stjerne i ei hylle i ein daglegvarebutikk. Men under forsesongen i fjor var Rugland den store sensasjonen,» skriv Fleming.

«Han lukkast på alle field goal-forsøk i kamp. Han gjorde det bra på avspark. Ikkje minst gjorde han stort inntrykk med sin karakter - noko det er stor mangel på Lions-garderoben».

«Har han ikkje lidd nok etter at han reiste tilbake til Norge? Er det så flaut for Lions å ta tilbake Rugland?».

– Vi er verken eit tivoli eller eit sirkus, sa tidlegare Lions-trenar Jim Schwartz då journalistane allereie få veker etter at Rugland blei vraka spurte om nordmannen ville få ny tillit i klubben.

Spørsmålet kom fordi kickerlegenden David Akers hadde levert langt under forventning for Lions.

Ser ein på Twitter har fansen aldri slutta å stille spørsmålet. No er også journalistane i ferd med å vakne igjen.

SPO-FBN-BUFFALO-BILLS-V-DETROIT-LIONS

FLOPP 2: Alex Henery.

Foto: Joe Sargent / Afp

Rugland om fiaskospelarane i Lions: – Veit at eg hadde levert bedre

Heime i Ruglands Rogaland er det haust. Den næraste framtida blir mørk, kald og våt. Likevel sparkar mannen med den gylne venstrefoten ball etter ball, dag ut og dag inn.

Han har ingen tankar om å skaffe seg jobb med det første.

Youtube-sensasjonen får betalt av sponsorar for å perfeksjonere spelet. Kanskje til ingen nytte. Ingen veit om Rugland får sjansen i NFL igjen, men hylekoret i Detroit gir håp.

– Det er veldig motiverande. Eg brukar det for alt det er verd.

Kickerproblemet i Detroit er tema når nordmannen snakkar med gamle Lions-lagkameratar, fortel Rugland, som ikkje vil snakke i detalj om kven han har kontakt med eller kva dei meiner om fiaskokickerane i klubben.

Rugland er sjølv ganske sikker på at han hadde holdt høgare nivå enn alle kickerane Lions har gitt sjansen det siste året.

– Eg veit at eg hadde levert bedre enn som så. Det kan vere frustrerande å vite at eg held eit godt nivå, men ikkje får sjansen, seier Rugland.

Får oppfølging av Super Bowl-vinnar

Med jamne mellomrom får han oppfølging av ein av Lions store kickerlegendar. Rugland sender treningsvideoar til Super Bowl-vinnar Eddie Murray, som gjev ris og ros over Skype.

– Han var over 20 år med NFL-erfaring og seier at han har klokkartru på meg, seier 30-åringen.

Men frå klubbane høyrer han ingenting. Ikkje frå Arizona Cardinals, som var det siste laget Rugland prøvespelte for. Og sjølv om Lions-fansen roper på meir Rugland-sirkus har det ikkje komme ein einaste telefon frå Detroit-klubben.

Sjansen for å lukkast verkar minimal, men det stenger 30-åringen frå Ålgård øyrene for.

– Eg ser ikkje på sjansen som så voldsomt minimal. Før eg kom inn i Lions var sjansen minimal. I utgangspunktet var det ingen som trudde at det ville bli diskusjon om kven trenaren skulle velge av meg og David Akers. I tillegg fekk andre klubbar som Green Bay Packers og Arizona Cardinals augene opp for meg.

– Det som driv meg er at eg veit at eg er god nok. Hadde eg ikkje vore god nok hadde eg slutta for lenge sidan. Det er bare snakk om å få sjansen igjen, seier Rugland.

I jakta på ein ny sjanse vil Youtube-fenomenet lage ny skrytevideo. Den skal sendast til alle NFL-klubbar. Så er det bare å vente.

Norway YouTube Kicker

NY SKRYTEVIDEO: Håvard Rugland skal på ny promotere seg sjølv på video. Denne skal sendast til alle klubbar i NFL.

Foto: Ap

Sportsnyheter

Sydde ti sting etter stempling i ansiktet: – Halve hodet hans var åpent

Bård Finne satte knottene rett i ansiktet på KFUM-keeper Emil Ødegaard, som endte på legevakten. Men om det var rødt kort var ekspertene rivende uenige om.

Siste nytt

  • Gulliksen usikker før den svenske cupfinalen

    Tobias Gulliksen måtte stå over Djurgårdens 1-0-seier over Gais grunnet en skade i kneet søndag kveld. Dermed står cupfinalen i fare for nordmannen.

    – Det har litt bedre, men vi får se. Kneet er hovent, så vi sjekker i morgen, sa han til Aftonbladet.

    Gulliksen var ikke med i kamptroppen etter at han pådro seg en skade. Allerede er det duket for cupfinale mot Erik Botheims Malmö.

    Europa conference leauge 2023/2024 : Bodø/Glimt - Ajax (1-2 e.e.o.)
    Foto: Mats Torbergsen / NTB
  • Thorstvedt-mål ikke nok for Sassuolo

    Kristian Thorstvedts scoring hjalp lite da Sassuolo tapte 1-5 borte mot Fiorentina i Serie A søndag kveld.

    Grønntrøyene fortsetter dermed på 19.-plass og har fem poeng opp til Empoli på trygg plass når det gjenstår fire kamper av sesongen.

    Thorstvedt skapte fornyet håp for gjestene da han banket inn 1-2-scoringen etter 57 minutter.

    Dessverre for siddisen og resten av Sassuolo-laget økte Nicolás González til 3-1 det påfølgende minuttet. Vertene var imidlertid ikke ferdig der, for bare ni minutter etter Thorsvedts scoring hadde Fiorentina satt inn ytterligere to mål.

    Dermed begynner det å se fryktelig skummelt ut for Thorstvedt & co. I kampen om å beholde plassen skal Sassuolo opp mot Inter (h), Genoa (b), Cagliari (h) og Lazio (b).

    Emil Konradsen Ceide startet kampen på benken, men kom inn etter 73 minutter. Marcus Holmgren Pedersen så hele oppgjøret fra sidelinjen. (NTB)

    Kristian Thorstvedt
    Foto: AP
  • Daland reddet uavgjort for Cercle Brugge – Vetlesen med mål og assist i Brugge-seier

    Jesper Daland berget 1-1 for Cercle Brugge hjemme mot Anderlecht, mens Hugo Vetlesen herjet i Brugges 3-0-seier borte mot Genk i belgisk fotball søndag kveld.

    Den belgiske ligaen har gått over i sluttspillsfasen, hvor Anderlecht topper mesterskapsgruppen. Det er imidlertid bare målforskjell som skiller Brugge på 2.-plass.

    Søndag gjestet Vetlesen & co. Genk, som har falt av i toppkampen etter 0-3-tapet.

    Kyriani Sabbe sendte gjestene i ledelsen etter 38 minutter, før Vetlesen doblet halvveis inn i andre omgang. Fire minutter senere gjorde nordmannen seg tellende igjen da han spilte opp Igor Thiago på 3-0-målet.

    Antonio Nusa startet også for gjestene, men ble byttet ut til pause.

    Cercle Brugge er også hektet av i gullkampen, men Daland ga imidlertid en håndsrekning til landsmann Vetlesen i kampen om ligagullet da han sikret 1-1 etter 51 minutter.

    Kristian Arnstad satt hele kampen på benken for Anderlecht. (NTB)

    Hugo Vetlesen
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal