Hopp til innhold

«Dopinglegen» lettar på sløret: Garanterte at kundane skulle kome gjennom dopingkontrollane

Mark Schmidt, legen politiet meiner er hovudmannen bak dopingnettverket som blei rulla opp under ski-VM i fjor, har avslørt mange detaljar frå det som kan vere det største nettverket innan idrettsdoping.

Fryste blodposer

FROSE BLOD: Dette var noko av det politiet fann i Mark Schmidts laboratorium i Erfurt – posar med blod, nedfrosset til minus 80 grader

Foto: Tysk/østreriks politi

Reporterar frå den tyske tv-kanalen ARD har sett dokumenta frå avhøyra av Schmidt, og presenterte dei i ein dokumentar laurdag.

Schmidt skal sidan 2012 ha bygt opp ei omfattande kundegruppe som han forsynte med bloddoping.

Den kroatiske friidrettstrenaren Dario Nemec skal ha vore ein av nøkkelmennene i Schmidts nettverk. Nemec garanterte at utøvarane trygt kunne passere alle dopingkontrollar dersom dei følgde hans anvisninger.

Nemec skal ha vore så kunnskapsrik innan doping at han hadde fått tilbod om å «bloddope kamelar og hestar i Bahrain.»

Walter Mayer

NØKKELMANN: Den tidlegare langrennstrenaren Walter Mayer skal ha vore sentral i arbeidet med å skaffe Mark Schmidt kundar

Foto: GERT EGGENBERGER / AP

Den andre som Schmidt skal ha utpeika som hovudmann, er den tidlegare langrennstrenaren Walter Mayer. Han skulle skaffe kundane.

Meyer var sentral også i dopingopprullinga under OL i 2006, og blei arrestert den gongen.

I avhøyrsdokumenta kjem det òg fram at Schmidts kundar vart utstyrte med dekknamn. Syklistane Kristijan Durasek og Stefan Denifl vart «Triple X» og «No Name». Langrennsløparen Alexej Poltoranin var «Einstein».

– Som ein mafiaorganisasjon

For dette betalte Schmidts rundt to dusin kundar 5000 euro i grunnbeløp. Så vart dei fakturerte mellom 3000 og 3500 euro per sesong. Pluss litt ekstra før VM eller OL.

– Organisasjonen er bygd opp som ein mafiaorganisasjon med Schmidt på toppen, og klare oppgåver som kvar enkelt skulle gjere. Kven som skulle flytte blodposane frå A til B, kven som skulle gi blodet osv., fortalde Dieter Csefan, etterforskingsleiar i det austerrikske politiet, like etter VM.

Dopingsaka kom for ein dag under ein razzia austerriksk politi gjennomførte under ski-VM i Seefeld i slutten av februar i fjor. 21 utøvarar frå åtte land og fem idrettsgreiner vart etterforska for bloddoping som ei følgje av razziaen.

Mark Schmidts dopinglaboratorium.

BILDEBEVIS: Dette er bilde politiet tok i rassiaen under VM

Foto: Tysk/østerriksk politi
Under onsdagens pressekonferanse frigjorde det tyske politiet bilder av funnene de har gjort i forbindelse med den voksende dopingskandalen.

Politiet viste den gongen òg bilete frå det som skal ha vore Schmidts hovudlaboratorium i eit garasjeanlegg i den tyske byen Erfurt.

Nokre månader tidlegare, under verdscupkonkurransane i langrenn og hopp på Lillehammer i slutten av november, hadde Schmidt leigd eit hus like ved Birkebeineren skistadion.

Der budde Ansgard Schmidt, som er Marks far og ein kjend advokat.

Mannen som hadde med seg blodposar til utøvarane i Seefeld var nettopp pappa Schmidt. Han vart òg arrestert under politiaksjonen, men seinare sett fri, ifølgje ARD.

Statsadvokaten: – Bevisa er fantastiske

Annekset

LILLEHAMMER: Her like ved Birkebeineren stadion budde faren til legen under verdscuphelga i 2018

Foto: Ole Martin Ringlund / NRK

Under razziaen i Seefeld vart Mark Schmidt arrestert, skulda for å vere sentral i det som kan vere det største kjende tyske dopingnettverket i idretten.

Statsadvokat Kai Gräber i München, som har tysk hovudansvar for dopingetterforsking, var godt nøgd med aksjonen fordi han meinte bevisa er fantastiske, ifølgje TV-kanalen.

Det var i Seefeld politiet tok langrennsløpar Max Hauke på fersk gjerning medan han heldt på å injisere blod.

Hauke, som hevdar å ha betalt Schmidt 10.000 euro kontant fleire gonger per sesong, vart dømd til fem månaders prøvetid og ei bot på 480 euro for grovt sportsbedrageri.

Max Hauke

TEKE PÅ FERSKEN: Dette er det berømte bildet politiet tok av Max Hauke under Seefeld-VM i fjor

I avhøyra etterpå skal Schmidt ha avslørt fleire namn på legar han hevdar var med i nettverket. Fire hjelparar er òg tiltalte.

– I dokument frå avhøyra beskriv Schmidt eit veldig sofistikert nettverk, skriv ARD.

Også Walter Mayer vart arrestert i september i fjor i samband med opprullinga av Schmidt-nettverket, men seinare sett fri.

Men overfor ARD avviser Mayer at han har formidla idrettsutøvarar til Schmidt.

Tiltalen mot Schmidt vart teken ut i desember i fjor, men det er ikkje venta dom før i september.

«Triple X» og «Einstein»

Den andre som Schmidt har nemnt som nøkkelperson i nettverket sitt, er Dario Nemec.

Han vart ettersøkt i november og arrestert i heimlandet i januar, og retten godkjende utlevering til Austerrike.

Men så kom koronaen, og då vart Nemec lauslaten. ARD har ikkje klart å finne han for ein kommentar.

«EINSTEIN»: Schmidts kundar skal ha vorte utstyrte med kodenamn. Aleksej Poltoranin figurerer som Einstein, ifølgje etterforskingsdokumenta

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Bloddoping med kontrollgaranti

Inkludert i prisen var garantiar for at kundane skulle kunne overleve alle dopingkontrollar. Schmidt leverte òg andre medisinar på førespurnad, men utan garantiane.

Då han fekk bestilling på veksthormon, gjekk han rett og slett til apoteket, brukte legekortet sitt, og kjøpte det han trong, går det fram av forklaringane han skal ha gitt.

Danilo Hondo

NULL VERKNAD: Danilo Hondo var ein av dei som betalte Schmidt mykje for å bli bloddopet. Men det verka ikkje

Foto: Paolo Cocco / AFP

Schmidts avsløringar har fått følgje for fleire. ARD har intervjua den tidlegare syklisten Danilo Hondo, som seier at han var kunde hos Schmidt i 2011. Kostnad: 30 000 euro i året, men verknaden var null.

– Dei dagane då eg hadde blodet i det, køyrde eg verre enn vanleg, fortalde han.

Hondo var seinare trenar i Sveits. No, etter avsløringane, er livet hans i ruinar.

Skøytetrenar Robert Lehmann-Dolle har òg vore på Schmidts kundeliste. Derfor vart han sparka frå jobben sin i Berlin i november. Lehmann-Dolle deltok som aktiv i tre OL.

Anker varetektsfengslinga til Høgsterett

Opplysningane og forklaringane skal ha skjedd under dei første avhøyra. Så skifta han advokat og vart ikkje lenger så medgjerleg.

– I løpet av saksgangen vart det lagt merke til at alt det konstruktive samarbeidet til klienten vår med statsadvokatembetet i München ikkje hadde noko resultat, skal advokaten hans, Juri Goldstein, ha sagt.

Schmidt har site 13 månader i varetekt, men påtalemakta vil ikkje setje han fri. Dei meiner det er fare for både at han stikk av, og at han kan øydeleggje bevis.

Det reagerer Schmidt og advokaten hans på. Dei meiner at ei så lang varetektsfengsling bryt både straffeprosesslova og grunnlova, og har anka den siste forlenginga av varetekta til Høgsterett.

Siste nytt

  • Landslagsstopperen Andreas Hanche-Olsen ute med ankelskade i opptil seks måneder

    Andreas Hanche-Olsen trenger en operasjon i ankelen og blir ute i lang tid. Det gjør ham nok en gang uaktuell for landslaget.

    Nyheten ble sluppet av Mainz etter helgens 1-2-tap for Augsburg i tysk Bundesliga. I meldingen står det at Hanche-Olsen først er ventet tilbake om fire til seks måneder.

    – Avgjørelsen ble tatt i samråd med det medisinske teamet og flere spesialister, skriver Mainz.

    Hanche-Olsen var ikke i troppen til Mainz' to siste ligakamper. Ankeltrøbbel gjorde at han mistet seriestarten og har siden kun spilt 65 minutter. Hans seneste opptreden kom da han ble tatt av i pausen mot Werder Bremen 2. september.

    Midtstopperen står med 14 landskamper for Norge, og den siste kom i september i fjor. Sykdom og skader er årsaken til at han ikke står med noen kamper for Ståle Solbakkens lag i 2023.

    – Det er jo maks utur, men vi var litt forberedt på det. Da han fikk det overtråkket, så ble det jo ikke bra. Da fryktet vi at det endte med operasjon, sier Solbakken til Nettavisen. (NTB)

    Landslagstrening på Ullevaal
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Pochettino om Chelseas krisestart: – Vi må vokse opp

    Mauricio Pochettinos inntog og en bråte nye spillere har ikke løst Chelseas problemer i Premier League. London-klubben står med kun fem ligaseirer i 2023.

    Søndag kom nok en nedtur hjemme på Stamford Bridge. Chelsea sløste med sjansene og ble redusert til ti mann underveis i 0-1-tapet for Aston Villa.

    Laget ligger på 14.-plass med kun fem poeng etter seks runder. Ansettelsen av Pochettino og nok en sommer med stort pengeforbruk har ikke slått til.

    – Fotballspillere vil vinne, men feil vil komme når man har unge spillere uten erfaring. Det er klart vi er misfornøyde. Vi må løse dette så snart som mulig, og vi må vokse opp som lag, sa Pochettino etter kampen.

    Chelsea fikk amerikanske eiere i fjor vår. De tok over klubben etter nærmere to tiår med Roman Abramovitsj, og de siste 15 månedene er det blitt brukt enorme pengesummer på nye spillere. Likevel strever Chelsea tungt.

    I kalenderåret 2023 står de blåkledde med kun fem seirer av 29 mulige i Premier League.

    – De ser fram til å kunne bygge noe bra med dette prosjektet, men de er skuffet. Samtidig må de stole på planen. Vi må gjøre jobben og stole på hverandre. Vi har laget vi har, og det kan vi ikke forandre på nå, sier Pochettino om eierens reaksjoner på Chelseas vedvarende krise. (NTB)

    poch
    Foto: IAN KINGTON / AFP
  • Aftenbladet: Oilers-profil ute i seks uker

    Tommy Kristiansens (34) skade tar lenger tid å lege enn antatt, skriver Stavanger Aftenblad.

    Det betyr at Stavanger Oilers må klare seg uten den tøffe løperen i en måned til. Kristiansen ble skadd i CHL-kampen mot Dynamo Pardubice tidligere i måneden og har ikke vært på is i eliteserien ennå.

    – Det er alltid kjedelig med skader. Men det er en del av virksomheten, og vi får ikke gjort så mye med det. Men det er synd. Det ble til et større problem enn ønsket, sier Oilers' sportsdirektør Pål Haukali Higson til Aftenbladet.

    Stavanger har to seirer og ett tap så langt i eliteserien. Neste kamp spilles borte mot Frisk Asker torsdag. (NTB)

    Sluttspillet i ishockey: Stavanger Oilers - Storhamar
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Ustoppelige Pellegrino 00:35
Neste