Han kan glise breitt over det han såg frå tribuneplass på Jordal.
– Ja, etter alle desse OL-diskusjonane vi har hatt no, er hockeygutta hjarteleg velkomne til å sprengje budsjettet til Pyeongchang, seier Tvedt til NRK på veg ut etter kampen.
Norges nye landslagssjef Petter Thoresen kan sjå fram til halvtanna år med arbeidsro. Han veit at laget hans skal spele med dei store i Korea om eitt og eit halvt år.
– Ja, det var veldig godt å få det på plass, seier Norges nye landslagssjef Petter Thoresen til NRK.
– Men det viktige for norsk hockey er at vi veit vi kjem til OL. Det er viktig både for spelarane her, og ikkje minst for dei komande spelarane, som ser at vi er med og spelar blant dei store, seier Thoresen.
Tolmod og vilje
Han hadde ein stor ettermiddag på Jordal, der Norge snudde 0-1 til 2-1 over Frankrike, og sikra OL-billetten i sluttminutta.
– Det var fortent. Vi er tolmodige og har ein sterk vilje. Då er det gøy å sjå at vi klarer å dra det heim, seier Thoresen.
Han trur OL er ei stor gulrot for alle som no spelar på ungdomslandslaga, og som ligg i posisjon til å kjempe om ein plass i troppen til Pyeongchang i 2018.
– Det er berre å ta opp hansken og jobbe hardt. Så kjem det nye folk, seier Thoresen.
Idrettspresident Tom Tvedt var på tribunen. Han gleder seg også stort over det han såg.
– Håpar det inspirerer fotballandslaget
– For ein måte det skjedde på, for ein dramaturgi. Det var heilt fantastisk å få til dette her, seier idrettspresidenten.
Han er stolt av gutta.
– Eg skulle gjerne vore i den garderoben no. Det kjensla der må vere fantastisk, seier den tidlegare handballspelaren.
Han var ikkje den einaste profilen på tribunen. Statsminsiter Erna Solberg var der også og fekk med seg hockeyguttas OL-billett. Etterpå helsa ho på spelarane og takka for innsatsen.
– Det er første gong eg er på hockeykamp sidan 80-talet, seier ho.
– Og så håper eg dette inspirerer fotballspelarane våre i kveld, legg ho til.
Zucca: – Håpar å få vere med
Mats Zuccarello var ein glad mann etter kampen. – Dette er det største eg har vore med på, sa New York Rangers-proffen etter kampslutt.
Han var langt nede etter tapet for Kasakhstan i første kampen torsdag. Og tilsvarande høgt oppe i dag.
– Og du blir med til OL?
– Det håpar eg verkeleg.