Kampen om ein billett til OL i Pyeonchang starta på Jordal Amfi i kveld.
Og det blei svært dramatisk i den fyrste kampen mot Kasakhstan.
– Veldig bittert
Da alle trudde kampen var over på stillinga 3-1 og berre to minutt var igjen å spele på Jordal, tok vår største stjerne og dagens bursdagsbarn ansvar.
Mats Zuccarello stod for to assists på to minutt og plutseleg hadde Noreg sikra speleforlenging etter å ha ligge under gjennom store delar av kampen.
Men gleda blei kortvarig, Kasakhstan brukte berre eit minutt på å sikre sigeren.
– Me ville jo ha ein siger her. Det er jo ei tøff gruppe. Eg føler me gjer ein ålreit kamp, men det er dei små detaljene som manglar, seier Ole Kristian Tollefsen til NRK etter kampen.
Landslagstrenar Petter Thoresen var både fornøgd og misfornøgd etter kampen.
– Eg er veldig imponert over at me scorar to mål på slutten der og sikrar speleforlenging. Men sjølvsagt er det veldig bittert nå, men me kunne stått her med null poeng også, seier Thoresen til Eurosport i intervju vist på sending.
Best ranka i gruppen
På førehand var Noreg rekna som favoritten i gruppe med Kasakhstan, Frankrike og Italia. Men laget som Noreg slo 4-2 i VM i fjor, skulle vise seg å bli ein hardare nøtt å knekke nokre månader etter.
Etter ein mållaus fyrste periode slo kasakhstanarane til umiddelbart i midtperioden. Kaptein Starchenko var mannen som sendte gjestene i leiinga.
Like etter viste Mats Zuccarello kvifor han er gull verdt å ha med for Noreg. På sin eigen 29-årsdag utlikna han frå spiss vinkel berre to minutt etter, på pasning frå Anders Bastiansen.
Men det blir med det eine utlikningsmålet, i staden var det Kasakhstan som tok føringa frå start av i den siste perioden.
Kevin Dallman er ein av spelarane Kasakhstan har henta frå Nord-Amerika, og han var raskast frampå da Noreg tapte dropp i eigen sone. Like etter er kaptein Starchenko frampå igjen og scora 3-1 målet på kontring.
Men da det såg som aller mørkast ut, tok igjen Mats Zuccarello ansvar. To minutt gjenstod og Noreg låg under 3-1. Fyrst fannn Zuccarello, Jonas Holøs som banka inn 3-2. Minuttet etter kom nok ein oppvisning frå Zuccarello. Han treff godt, og får hjelp av Anders Bastiansen som styrer pucken i mål.
Det blei speleforlenging og der er Mathis Olimb svært nær ved å sikre sigeren. Men med spel tre mot tre blir det svært opent i forsvaret, og i staden er det Kasakhstan som går rett opp i angrep igjen og Bochenski er mannen som blir matchvinnar på Jordal Amfi i kveld.
Dermed får Noreg med seg eitt poeng før kampen mot Italia i morgon.