Laurdagens mest nøgde nordmann var Martin Johnsrud Sundby som tidlegare i haust blei ramma av hjarteproblem under trening.
På Sjusjøen var han tilbake i konkurranse for første gang etter uhellet.
– Før rennet var eg skitnervøs, for å seie det på godt norsk, seier Johnsrud Sundby.
- LES OGSÅ:
– 100 kilo av skuldrene mine
I verdscupopninga på Sjusjøen gjekk han inn til ein overraskande sterk 13. plass. Bare Petter Northug var betre av dei norske langrennsspesialistane (skiskytter Lars Berger vart nummer åtte).
- LES OGSÅ:
Men frykten han hadde før start skulle straks avta. Gjennom alle 15 kilometerane hadde han stålkontroll på teknikk og puls.
– Overraskande nok hadde eg ein kjempegrei dag i sporet. Med dei få førebuingane eg har hatt dei siste to månadane er dette ein kjempeopptur, sjølv om det ikke er storresultat. Det er som om 100 kilo har gått av skuldrene mine, seier han.
– Er du rørt no?
– Det er så mykje følelsar no, veit du. Så det er klart eg er rørt, seier han til NRK.no.
- SJÅ VIDEO FRÅ ARKIVET:
Topp femten for andre gang
Problema med uregelmessig hjarterytme gjorde at Sundby måtte droppe førvinterens treningssamling i Val Senales, Italia. Nordmannen blei likevel tatt ut til verdscupopning på Sjusjøen.
Det angra verken landslagsleiing eller utøvaren sjølv på etter målgang laurdag.
– Dette er ein kjempedag for meg. Eg har ikkje dei siste kreftene å spa på med, noko eg har når eg er i skikkeleg form. Men det eg får til i dag er verkeleg ein god prestasjon, seier Johnsrud Sundby.
– Kor mange gangar har du blitt topp femten på skøyting i verdscupen tidlegare?
– Dette er vel andre gangen at eg blir det, seier han.
– Kunne sikkert hamna høgare
Og det resultatet får landslagssjef Vidar Løfshus til å stille seg i rekka med personar som er rørt over Jonsrud Sundbys comeback.
– Martin har blitt veldig usikker. Vi har ikkje tatt nokon sjanse med han i det heile. Han blir jo rett og slett redd sjølv når hjartet oppfører seg på den måten som det gjorde. Difor var dette ein stor lettelse for alle, seier Løfshus.
– Eg gler meg veldig på hans vegne. Hadde Martin ikkje vore ute for dette kunne han sikkert ha «pusha» seg endå lenger opp på resultatlista, legg han til.
- SJÅ OGSÅ:
Kan rette fokus mot resultatmål
Sjølv blei Johnsrud Sundby overraska over kor lite han tenkte på hjarteproblemene som ramma han for bare få månader sidan.
– Det var ikkje hjartetankar i hovudet i det heile tatt. Då blei det ei positiv oppleving heile vegen, seier han.
– Du seier at når pulsen kjem over eit visst nivå er det ikkje skummelt for hjartet lenger. Er det nesten tryggare enn å gå renn enn å trene halvhardt?
– Ja, det kan virke som at roleg trening er den største utfordringa. Men å vite at eg i dag skulle opp og tyne makspulsen var ganske skremmande det også, seier Johnsrud Sundby.
– Kan du no sette deg mål for sesongen igjen, noko du har lagt litt ifrå deg?
– Eg har mål for sesongen, men til no har eg måtta sette dei store resultata på vent. Det eg gjør i dag er i alle fall eit bevis på at eg kan gå på ski, seier han.