Det låg stort press på dei norske gutane framfor årets verdscupopning på heimebane. Norge har tradisjon for å opne sterkt, men slik gjekk det ikkje laurdag.
I motsetning til jentenes langrenn der Norge var suverene frå start til slutt, var det meir variert i toppen mellom herrane.
- LES OGSÅ:
Både sveitsiske Dario Cologna og Petter Northug kjempa i toppen, men måtte bukke under for ein blågul djevel på Sjusjøen.
Namnet hans var Johan Olsson. I mål var han heile halvminuttet framfor andremann Northug.
– Olsson kjem til å ha den gule trøya lenge
Sjølv var Northug nøgd med å ha kjempa seg opp bak Olsson.
– Resultatet er bra, men det går tungt undervegs, seier Northug.
Etter rennet snakka han med Olsson som skal ha forklart at han fekk ein grei 15-kilometerstur på Sjusjøen.
– Han sa han fekk ei god reise med ei stor gruppe undervegs. Eg gjekk aleine, seier Northug.
Les meir under klippet!
- SJÅ VIDEO:
Northug er ikkje bekymra etter Olssons knusande siger, men ser gjerne at svensken er i føringa gjennom store delar av vinteren.
– Han er i god form. Han kan ha gul-trøya i lang tid framover, seier Northug.
Sundag er det stafett. Då kan nordmennnene reise kjerringa mot svenskane.
– Vi må prøve å vere med dei lenge. Dei har eit sterkt lag. Vi må bite oss fast og ta dei på sisteetappen, seier Northug.
Nystad: – Bare å ta av seg hatten
– Han gjorde det spennande til siste slutt. Det var helt kurrant. Andreplass får vi vere fornøgd med, seier landslagstrenar Trond Nystad.
– Kva synst du om dei andre norske i dag?
– Det kunne vore betre. Sjur Røthe burde vore lenger framme. Vi må bli betre på skøyting, seier Nystad.
– Kva meiner du om Johan Olsson?
– Det er bare å ta av seg hatten. Men vi skal slå svenskane neste helg, seier Nystad.
– Kva er status etter dagen i dag?
– Vi skal bli like gode som langrennsjentene, seier Nystad.