Alcén er nemleg også keepertrenar i Brynäs. Klubben frå Gävle i Nord-Sverige har hatt nordmannen i kikkerten ei god stund, og har kunna glede seg over Oldens store innsats og spel i VM-kampane hittil. Ikkje minst mot Sverige tysdag,
. Der scora Olden Noregs mål som gav 1-0 i første periode.- Les:
- Les:
– Sondre kjem til å bidra med fart og med å gå rett på mål, og score mål også. Han har god teknikk, og kjem til å forsterke laget, seier Alcén, som vedgår at han sjølv har pressa litt på for å få Olden til klubben. Ikkje minst under OL i Sotsji tidlegare i år.
Olden har lenge blitt rekna som eit av dei største talenta i norsk ishockey. Han har hatt ein strålande sesong for årets tapande NM-finalist Vålerenga, og har vore ønska av ei rekkje klubbar.
Til slutt bestemte han seg altså for Brynäs, som vart nummer fire i ligaen i sist sesong. I midten av april vart overgangen spikra.
– Eg gleder meg til å starte opp i Brynäs. Det var ikkje noko vanskeleg val. Det var fleire aktuelle klubbar, men Brynäs er ein klubb med historie i svensk hockey, seier Olden sjølv til NRK.
Har hatt han i kikkerten lenge
– Han har mykje i «verktygslådan» for å få ut det han er god for, og det kjem han til å vise i Brynäs, seier Alcén.
Han seier at klubben har hatt Olden i kikkerten lenge.
– Kor lenge?
– Det får sportssjefen svare på, ler Pekka Alcén.
– Men klubben har oversikt over spelarane vi er interesserte i, og Sondre har vi sett på lenge - iallfall heile denne sesongen som no har gått.
– Har du som norsk keepertrenar hjelpt til med det?
– Ja, eg svarar så godt eg kan, men det hovudtrenaren som får ta seg av det til sjuande og sist, seier Alcén.