– Sverre Lunde Pedersen er i storform, og dersom han går like godt som i NM, er han garantert på pallen, seier Skarli.
Pedersen tok sitt første allround-NM i utklassingsstil i Stavanger siste førjulshelga, meir enn 2,6 tidspoeng framfor Håvard Bøkko. 5000-meteren på 6.19,25 karakteriserte Skarli som verdsklasse.
– Kramer er favoritt i år også
Han har følgt tett med på skøytemeisterskapa i Nederland og Russland i romjula, og har dermed eit godt bilete av kvar konkurrentane står framfor EM i Minsk 9. og 10. januar.
– Sven Kramer er nok favoritten, slik han nesten alltid er når han stiller opp, seier Skarli. Kramer tok gull både på 5000 og 10.000 m i Nederland. Derimot viste Jorrit Bergsma dårleg form og greidde ikkje å kvalifisere seg.
– Bart Swings og Denis Juskov er dei to største utfordrarane til Sverre om pallplassane.
– Bøkko må heve seg frå NM
Han meiner også Håvard Bøkko er ein outsider til pallen.
– Han er ein allrounder, og når Håvard får det til i eit meisterskap, er han alltid med og kjempar om medalje. Han må heve seg frå NM, det han leverte der, var ikkje godt nok. Men det han gjorde i Inzell i starten av desember, var veldig bra.
Før jul fortalde Ida Njåtun at ho har ambisjonar om å bli første norske kvinne på pallen samanlagt i eit EM. Ikkje minst fordi Ireen Wüst–EM-vinnar dei siste tre åra–har vist svak form før jul.
Men i romjula slo Wüst til med sterke resultat på 3000 m (gull) og 1500 m (sølv).
Trur Njåtun kan slåst om bronsen
– Ireen Wüst gjekk veldig bra. Ho viste at ho er på veg tilbake, og kjem til å prestere bra i EM. Martina Sábliková er favoritten i mine auge, men Wüst kan nok ta andreplassen. Så er det mange som slåst om tredjeplassen.
– Er Ida ein av dei?
– Ja. Ho har potensial til det, med sitt toppnivå. Men det må ho vise på alle fire distansane, seier Skarli.
Ida Njåtun vann alle fire distansane i NM, og var suveren.
Juskov vs. Pedersen?
Også Russland hadde sitt meisterskap i romjula. Der gjekk Denis Juskov godt, men elles vart ikkje Skarli skremd av resultata.
– Juskov er god, men han spesialiserer seg på mellomdistansar i år, og er ikkje like god på dei andre. Men eg trur han er mannen Sverre må slå for å kome på pallen, seier Sondre Skarli.