– Har vi aldri gjort det? Då hadde det vore gøy å vere den første, seier Njåtun.
NRK møter Njåtun når den suverene norgesmeisteren klargjer juletreet heime i Asker. Der skal ho nyte nokre dagar med julemat og avkopling før oppkøyringa til EM i Minsk andre helga i januar.
– Der ser eg at ein pallplass er innan rekkevidde, seier Njåtun, som utklassa konkurrentane og vann alle fire distansane i allround-NM i Stavanger sist helg.
Aldri betre enn fjerdeplass
EM på skøyter for kvinner er arrangert kvart år sidan 1970, bortsett frå 1975-1980. Men Bjørg Eva Jensens fjerdeplass i 1981 er den beste norske plasseringa, og ho var over to tidspoeng frå pallen.
To tidspoeng tilsvarar 12 sekund på 3000 m, som var den lengste og avsluttande distansen den gongen.
I nyare tid er Maren Hauglis 5.-plassar frå 2010 og 2006 best – begge på Hamar.
– EM er heilt ope, slik eg ser det. Ireen Wüst ser ut til å ikkje vere heilt i form, seier Njåtun. Nederlandske Wüst har vunne EM dei siste tre åra.
Nederland skal avvikle sitt distansemeisterskap i romjula.
– Men alle dei nederlandske løparane er sterke likevel, og Martina Sabikova er også sterk. Det blir kamp om pallplassane, og eg må ha full klaff for å kunne ta ein av dei, seier Njåtun.
Treng 5000 med flyt og rytme
Ho meiner sjølv at det blir den avsluttande 5000-meteren som blir avgjerande.
– Eg trur eg skal henge godt med etter tre distansar, og då er eg avhengig av ein 5000 med flyt og rytme, og ein fart eg kan halde heilt inn, seier ho.
– Det har eg hatt problem med før, men dei siste løpa eg har gått på distansen, har eg vore godt nøgd med. Eg trur eg har vist eit høgare nivå der, seier ei optimistisk Ida Njåtun, som har 1000 og særleg 1500 m som sine favorittdistansar.
No skal ho fylle jula med mat og mengdetrening.
– Så blir det ein god treningsperiode fram mot EM.
Seier Njåtun. Og legg til.
– Å vere første norske kvinne på EM-pallen hadde vore utruleg kult og motiverande, både for skøytesporten og meg. Tenk å bli den første i historia.