NRK Meny
Normal

– No er Alexander Kristoff verdas beste syklist

– Det blir ikkje større enn dette, seier Dag Erik Pedersen om Alexander Kristoffs utrulege maktdemonstrasjon i Flandern rundt.

Alexander Kristoff vant Flandern rundt, det var han veldig fornøyd med. Se intervjuet her.

VIDEO: – Det er kanskje den største seieren i hele min karriere, seier Kristoff.

Kristoff vart søndag den første nordmannen som vann monumentrittet Flandern rundt , og det gjorde 27-åringen i utklassingsstil.

– Kristoff er akkurat no den beste syklisten i verda. Ikkje berre fordi han vann rittet, men endå meir på grunn av måten han gjorde det på, seier NRKs sykkelekspert og tidlegare proffsyklist Dag Erik Pedersen.

Enorm prestasjon

– Måten han vinn på er helt ufatteleg. Han er storfavoritt, han kjem til dei siste kilometrane utan hjelperyttarar. Det problemet løyser han ved å angripe og tvingar laga med fleire ryttarar igjen til å angripe, og dei blir ikkje samde, seier han.

Dag Erik Pedersen

IMPONERT: –Det blir ikkje større enn det Kristoff leverte i dag, seier Dag Erik Pedersen.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Og på dei siste metrane berre syklar han frå Tepstra. «Gjer kva du vil, eg slår deg likevel» er signalet han sender ut. I mål er han langt framfor nederlendaren, som er parkert i spurten. Dette er enormt stort, seier Dag Erik Pedersen.

Den tidlegare syklisten slit med å finne ord når NRK ber han om å vurdere prestasjonen.

– Når han kan gjere noko slikt som dette i eit monumentritt, er det heilt utruleg. Han er favoritt, og han innfrir så til dei grader. Og neste helg er det eit nytt monumentritt der han er favoritt (Paris – Roubaix), seier Pedersen.

Eit knippe sykkelekspertar kom i NRK i fjor fram til at Flandern rundt er det femte største sykklerittet , og det tredje største eindagsrittet bak VM og Paris Roubaix.

– Mentalt sterk

Pedersen er ikkje berre imponert over Kristoffs fysikk, men minst like mykje over den mentale biten.

– Ein ting er den fysiske prestasjonen ved å gjennomføre eit slikt ritt over seks og ein halv time. Men den fullkomne taktikken og så mykje is i magen fortel om ein mann som har ei svært stor sjølvtillit, seier Pedersen.

Som har eit stikk til andre store norske idrettsprofilar:

– Eg håpar også at norske vinteridrettsutøvarar som trenar kondisjon, la merke til kor raskt Kristoff stilte opp til tv-intervju etter målgang, seier den tidlegare sykkelproffen.

Alexander kristoff

FØRSTE NORDMANN: Kristoff med seier i Flandern rundt.

Foto: ERIC LALMAND / Afp

Siste nytt

  • Mjelde kåret til tredje beste

    Maren Mjelde ble søndag kveld stemt frem av spillerne selv som den tredje beste spilleren i engelsk fotball.

    Lagveninne fra Chelsea, Fran Kirby, vant prisen. Ji So-yun fra Manchester City tok andreplassen.

    SOCCER-CHAMPIONS-CHE-WOB/WOMEN
    Foto: ADAM HOLT / Reuters
  • Napoli senket Juventus

    De fleste av de store fotballigaene er avgjort, men i Italia er det fortsatt spenning.

    Søndag kveld tapte tittelforsvarer Juventus 0–1 mot Napoli på hjemmebane.

    Dermed er Napoli bare ett poeng bak Juventus på toppen av tabellen.

    FBL-ITA-SERIE A-JUVENTUS-NAPOLI
    Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
  • Salah kåret til årets spiller

    Liverpools storscorer Mohamed Salah ble søndag tildelt den prestisjetunge prisen som årets Premier League-spiller av den engelske spillerforeningen PFA, skriver NTB. Egypteren tangerte ligarekorden da han scoret sitt 31. seriemål lørdag.

    FBL-ENG-PR-WEST BROM-LIVERPOOL
    Foto: LINDSEY PARNABY / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal