Hopp til innhold

– Innsparingsplanene gir inntrykk av panikk

Økonomiprofessor Harry Arne Solberg meiner innsparingstiltaka i OL-planene ber preg av å vere panikkarta.

Slik er det tenkt at et mulig OL i Oslo 2022 kan se ut.

Slik er det tanken at Oslo-OL i 2022 skal sjå ut. Men innsparingsplanene som vart lagt fram tidlegare i haust, ber preg av panikk, meiner økonomiprofessoren

Foto: illustrasjon: Snøhetta/Cowi/MIR

– Det er forståeleg. Søkarkomiteen har slåst i motbakke i mange månader, og no prøver dei å sette i gang tiltak som skal overtyde publikum i innspurten, seier Solberg til NRK.

Han har lese kvalitessikrarane sin rapport som kom denne veka, og som konkluderer med at innsparingstiltaka som skal gi eit «billig-OL» sparer fire milliardar kroner mindre enn det som Oslo2022 meinte.

Kvalitetssikrarane frå Kulturdepartementet og Finansdepartementet meiner at dei nye planene reduserer behovet for statsgaranti med 4,8 milliardar kroner, ikkje 8,8 milliardar, slik Oslo2022 har kome fram til .

Ønsketenking?

Harry Arne Solberg, professor ved Handelshøyskolen i Trondheim

Økonomiprofessor Harry Arne Solberg undrast på om innsparingane byggjer for mykje på ønsketenking

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

– For eksempel har dei plussa på sponsorinntektene med ein milliard kroner, medan kvalitetssikrarane ikkje finn realisme i det. Då kan ein undrast på kvar søkarkomiteen har tala frå, og om det er ønsketenking, seier Solberg.

Han stiller seg også skeptisk til anslaget for dei varige verdiane av anlegga.

– Investeringane i idrettsanlegg var nokså bekjedent i utgangspunktet, omtrent fire milliardar i brutto. Fråtrekt slitasje og redusert marknadsverdi gir det ein verdi på i underkant av tre milliardar når OL er over.

– Så er det redusert ytterlegare med ein ishall som ikkje blir bygd, i tillegg til ein treningshall. Dermed er ein nede i rundt to milliardar i varig verdi på idrettsanlegg. Då begynner det å bli nokså lite att av det ein overlet til framtidige generasjonar. Og verdiane av investeringar for framtida har vore eitt av dei viktigaste argumenta for eit OL i Noreg, seier Solberg.

– Kvalitetssikrarane har gode opplysningar

– Viser dette at de er vanskeleg å rekne seg fram til ein total kostnadssum?

– Når kvalitessikrarane har landa på dei tala dei har, så reknar eg med det er fordi dei meiner å ha gode opplysningar for å vurdere realismen. Spørsmålet ein bør stille seg, er korleis det kan bli så stort gap mello deira tal og Oslo2022 sine, seier økonomiprofessoren.

– Det har vore mykje fokusert på kostnadsoverskridingar. Derfor har Oslo2022 prøvd å redusere kostnadene, utan at det har vore nok realisme i tiltaka som dei foreslår, legg han til.

– Korleis trur du utspelet om sparetiltaka blir oppfatta?

– Det verkar nok ikkje tillitsvekkande.

– Tenk også på driftskostnadene

Solberg meiner også politkiarane bør reflektere litt også på driftskostnadene av anlegga. Dei er anslått til rundt 14 milliardar.

– Driftskostnader er pengar rett ut av vindauga. Det er verdien på ein to vekers fest. Ein får nokså mange symjehallar og kunstgrasbaner og andre idrettsanlegg for den summen. Tilskotet frå IOC er rundt 3,6 milliardar, resten må vi finansiere sjølv, seier økonomiprofessor Harry Arne Solberg.

Siste nytt

  • Gulliksen usikker før den svenske cupfinalen

    Tobias Gulliksen måtte stå over Djurgårdens 1-0-seier over Gais grunnet en skade i kneet søndag kveld. Dermed står cupfinalen i fare for nordmannen.

    – Det har litt bedre, men vi får se. Kneet er hovent, så vi sjekker i morgen, sa han til Aftonbladet.

    Gulliksen var ikke med i kamptroppen etter at han pådro seg en skade. Allerede er det duket for cupfinale mot Erik Botheims Malmö.

    Europa conference leauge 2023/2024 : Bodø/Glimt - Ajax (1-2 e.e.o.)
    Foto: Mats Torbergsen / NTB
  • Thorstvedt-mål ikke nok for Sassuolo

    Kristian Thorstvedts scoring hjalp lite da Sassuolo tapte 1-5 borte mot Fiorentina i Serie A søndag kveld.

    Grønntrøyene fortsetter dermed på 19.-plass og har fem poeng opp til Empoli på trygg plass når det gjenstår fire kamper av sesongen.

    Thorstvedt skapte fornyet håp for gjestene da han banket inn 1-2-scoringen etter 57 minutter.

    Dessverre for siddisen og resten av Sassuolo-laget økte Nicolás González til 3-1 det påfølgende minuttet. Vertene var imidlertid ikke ferdig der, for bare ni minutter etter Thorsvedts scoring hadde Fiorentina satt inn ytterligere to mål.

    Dermed begynner det å se fryktelig skummelt ut for Thorstvedt & co. I kampen om å beholde plassen skal Sassuolo opp mot Inter (h), Genoa (b), Cagliari (h) og Lazio (b).

    Emil Konradsen Ceide startet kampen på benken, men kom inn etter 73 minutter. Marcus Holmgren Pedersen så hele oppgjøret fra sidelinjen. (NTB)

    Kristian Thorstvedt
    Foto: AP
  • Daland reddet uavgjort for Cercle Brugge – Vetlesen med mål og assist i Brugge-seier

    Jesper Daland berget 1-1 for Cercle Brugge hjemme mot Anderlecht, mens Hugo Vetlesen herjet i Brugges 3-0-seier borte mot Genk i belgisk fotball søndag kveld.

    Den belgiske ligaen har gått over i sluttspillsfasen, hvor Anderlecht topper mesterskapsgruppen. Det er imidlertid bare målforskjell som skiller Brugge på 2.-plass.

    Søndag gjestet Vetlesen & co. Genk, som har falt av i toppkampen etter 0-3-tapet.

    Kyriani Sabbe sendte gjestene i ledelsen etter 38 minutter, før Vetlesen doblet halvveis inn i andre omgang. Fire minutter senere gjorde nordmannen seg tellende igjen da han spilte opp Igor Thiago på 3-0-målet.

    Antonio Nusa startet også for gjestene, men ble byttet ut til pause.

    Cercle Brugge er også hektet av i gullkampen, men Daland ga imidlertid en håndsrekning til landsmann Vetlesen i kampen om ligagullet da han sikret 1-1 etter 51 minutter.

    Kristian Arnstad satt hele kampen på benken for Anderlecht. (NTB)

    Hugo Vetlesen
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal