– Før VM-møtet i fjor var det forventa på førehand at Anand ville vere sterkare i opningsfasen og at Carlsen skulle vere sterkast i dei andre fasane. Den gang var Magnus eigentleg best på alle område, seier NRKs sjakkekspert Torstein Bae.
– Men i år har vi fått den utviklinga vi spådde før VM-kampen i fjor. Anand har vore best i opninga og pressar Carlsen hardt der. Det er ein av dei store forskjellane frå fjorårets VM-duell, seier Bae.
Det er igjen knytta spenning til Anands opning før sjakk-VMs femte parti.
Anand triumferte med kvite brikker i tredje parti. Då snudde VM-bataljen, som til då var dominert av Carlsen.
Fjerde parti enda i remis. Carlsen, som spelte med kvite brikker, var tilsynelatande svært oppgitt.
I dag har Anand igjen fordelen av å spele med kvite brikker.
– Anand går hardt ut
– Det vi har sett tidlegare er at Anand går hardt ut frå start og prøver å få Carlsen i bakken. Slik vil det nok også vere i dag. Magnus må overleve opninga og slå hardt tilbake i midtspelet og i sluttspelet, seier Bae.
Anand skal kopiere bragden frå tredje parti. Carlsen må forhindre ny opningsfiasko.
– Sist enda han opp i ei veldig gjennomanalysert opning. Vishy Anand kunne verkeleg bruke sine opningar som han har studert gjennom veker og månader og vann eigentleg partiet sitt på den måten, seier Bae.
Nullstilt etter fridag
Bae trur Carlsen no er nullstilt etter to skuffande parti.
– Det var nok ein skuffelse for Carlsen med remis i fjerde parti. Det var veldig fint at han fekk roe seg litt og ta ein skikkeleg kviledag etter parti tre og fire, seier Bae.
VIDEO: Dette gjorde Magnus Carlsen på fridagen