– Island har sine svake sider. Keeperen er ikkje av dei største. Om vi kan gjere livet surt for han, kan vi finne ein veg inn der, seier Kamara til NRK
Fotballeksperten er kjent for å ikkje alltid få med seg kva som skjer når han rapporterer frå indre bane for Sky Sport.
Den islandske keeperen er faktisk 1,93 meter på strømpelesten.
Det kan ikkje karakteriserast som kort.
Til samanlikning er Tysklands Manuel Neuer 1,93 meter. Italias Gianluigi Buffon er 1,91 meter. Og Spanias David de Gea 1,92 meter høg.
Alle tre blir rekna blant verdas beste keeperar.
Redda mest i EM
Og difor er det kanskje ikkje så rart at Kamara har fått legendestatus for vittige epiosodar og augneblink som kommentator og ekspert for engelske Sky Sport.
Blant anna er han kjent for å gå glipp av viktige hendingar, som mål og raude kort i kampane då han har rappport frå indre bane, til stor glede for både panelet i studio og sjåarane.
Men Kamara, kjent som ein taktlingssterk midtbanespelar, meiner samtidig at Englands problem kan bli Hannes Thor Halldorsson som har hatt fleire redningar enn nokon annan keeper i EM.
Islendingen toppar stastikken over flest redningar i EM, nettopp føre keeper-storheiter som Neuer, Buffon og de Gea.
På utlån til Glimt
Halldorsson, til dagleg keeper i Bodø/Glimt, var den store helten i 1-1-kampen mot Portugal, og gjorde det også godt mot Austerrike, då Island stod imot eit enormt press og vann 2-1 med sigersmål på overtid.
– Det er heilt magisk, og umogleg å beskrive. Heile landet kokar no, sa Halldorsson til NRK etter kampen.
– For alle spelarane våre er dette det største i karriera deira. Det er eit "dream-come-true"-augneblink for oss, heldt han fram.
32-åringen er på utlån til Bodø/Glimt frå nederlandske NEC Nijmegen. Halldorsson har eitt år igjen av kontrakta med den nederlanske æresdivisjons-klubben.
Han har også tidligere vore på utlån til Brann i 2012, og spelte for Sandnes Ulf i 2014-sesongen.
– Island er «marvellous»
Kamara er som dei fleste andre full av lovord om Island.
– «Marvellous, absolute marvellous». Dei er eit fantastisk lag, utan store stjerner. Gylfi Sigurdsson er den einaste frå Premier League. Island har ingen stjerner, men dei har eit samansveisa lag som jobbar svært hardt og godt.
– På papiret er England storfavoritt. Men England gjer det aldri på den lettaste måten, så Island kjem til å gjere det vanskeleg for oss, seier Kamara.
– Island vil vere kompakte og satse på kontringar, og England må vere tolmodige og vise litt betre kvalitetar enn i gruppekampane.
Halldorsson meiner Island kan slå England dersom dei nok ein gang tek fram sine nordiske urkefter.
– Det er mange ting som gjer at vi har oppnådd resultat. Men den mest avgjerande faktoren er mentaliteten vår, seier Halldor Thor Halldorsson.