Hopp til innhold

Island med sensasjon på overtid: Møter England i åttendelsfinalen

Island sto i mot eit massivt press frå Austerrike og kontra inn sigersmålet på overtid. Da kunne dei islandske kommentatorane ta av for nok ein islandsk sensasjon.

em i fotball

SIGERSMÅL: Dei islandske kommentatorane tok heilt av etter at contringsmålet som gav 2–1 siger over Austerrike.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er heilt utruleg å vere ein del av laget. Samhaldet er fantastisk, eg skulle ynskje det her var eit klubblag for å vere ærleg, gliser ein fornøgd matchvinnar.

Arnor Ingi Traustason skreiv seg inn i islandske historiebøker i kveld. 22. juni blir ein kveld alle fotballelskarar på øya kjem til å hugse.

– Det største eg har opplevd

Landets største fotballhelt Eidur Gudjohnsen som sat på benken under kampen, beskriv det godt opp på Twitter.

– Eg har tatt del i mange store kampar i karrieren min. Ingen kan samanliknast med i kveld. Dette er vårt augeblikk, skriv Gudjohnsen.

For det ingen trudde var mogleg før, blei sant i kveld.

– Desse gutane byr på eit eventyr som ikkje har ein ende.

NRKs kommentator Thomas Lerdahl er nok hakket mindre euforisk enn dei islandske kommentatorane etter den historiske sigeren.

Gjekk bananas i kommentatorboksen

For det tok heilt av for Gudmundur Benediktsson, også kjent som «Gummi-Ben», i den islandske kommentatorboksen da sensasjonen var eit faktum på overtid. Har du ikkje gjort det ennå, må du berre sjå videoen over før du les vidare.

Og her ser du bilete av kommentatoren i scoringsaugneblinken:

Laster Twitter-innhold

Og nå har du forhåpentlegvis sett korleis kvelden enda i kommentatorboksen?

Kvifor dette skulle bli ein berg og dalbane av kjensler for alle islendingar, og kanskje spesielt for dei islandske kommentatorane, får du vite nå.

Rett i strupen

For presset Austerrike utsette Island for i andre omgang skulle nesten ikkje vere mogleg å forsvare seg mot.

Johann Gudmundsson og Island gjekk rett i strupen på Austerrike frå start. Før det hadde gått to minutt lada Gudmundsson skotbeinet og susaren gjekk rett i tverrliggaren.

EM i Fotball

FORRYKANDE START: Johann Gudmundsson var så nær ved å gje Island ein pangstart.

Islendingane heldt fram det høge presset og kasta seg med livet som innsats inn i alle duellar.

Etter 18 minutt gav det resultat.

Arnason vann duellen i feltet etter eit langt innkast frå Gunnarsson og tidlegare Viking-spelar Jón Dadi Bödvarsson fekk tak i ballen. Spissen drog seg forbi forsvaret og sende ballen så kontrollert i mål som berre ein storscorar kan.

– Det var fantastisk å få 1–0 målet så tidleg. Det var utruleg viktig for oss, seier Bödvarsson etter kampen.

EM fotball

LEIARMÅL: Tidlegare Viking-spelar Bödvarsson scora Islands fyrste mål.

Austerrike fekk sjansen til å utlikne frå straffemerket rett før pause, men skotet frå Dragovic gjekk i stonga til Island-keeper Hannes Halldórsson.

Em Fotball

STRAFFE: Austerrikes Dragovic kunne utlikna på straffe før pause.

Laster Twitter-innhold

Massivt press frå Austerrike

I andre omgang skjønar Austerrike endeleg alvoret. Med berre eitt poeng før kveldens kamp var berre siger godt nok skulle Austerrike ha håp om avansement.

Bayern München-stjerna David Alaba kom til ein enorm sjanse etter 47 minutt. Men så var denne offerviljen til islendingane da.

Kári Árnason kasta seg inn og blokkerte nok eit austerriksk skot.

Em i Fotball

Det massive presset frå Austerrike heldt fram gjennom heile den andre omgangen, og etter 60 minutt resulterte det også i mål. Alessandro Schoeph har akkurat kome inn frå benken og sett ballen til venstre for keeper.

Slik held dei fram og det opnar for kontringar for Island.

På overtid gjer dei blå det umoglege mogleg.

Arnor Ingvi Traustason er mannen som sklir ballen i mål etter at Birkir Bjarnason har raida heile den austerrikske sida.

Sensasjonen er eit faktum. Island vinn 2–1 og sikrar seg andreplassen i gruppa. Dermed ventar England i åttedelsfinalen.

Traustason gler seg til møte.

– Eg er fan av Englant til vanleg, det blir heilt vanvitig å møte dei, gliser islendingen.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal