– Det er ingen tvil om at det skal vere raudt kort når han utset spelaren for fare, slik som i går, seier Hauge om episoden der Coly slapp unna med gult kort etter å ha sett knottane i leggen på Orlov.
– Her taklar først Kristiansund-spelaren på ballen, og det gjer det litt vanskelegare. Deretter treffer han Brann-spelaren på leggen og utset spelaren for fare. Sett i ettertid er det klart at det burde vore raudt. Men dette er vanskeleg for dommaren å avsløre, seier Hauge.
Også dommaren i kampen, Svein Oddvar Moen, sa at han burde vist ut Coly.
– Det sa han til meg i dag tidleg, seier Orlov til NRK. – Men dommarar gjer feil dei også, legg han til.
– Også Pedersen burde hatt raudt
Hauge ville også hatt raudt kort til Strømsgodsets Marcus Pedersen som takla Haugesunds Kristoffer Haraldseid hardt i første serierunde. Haraldseid måtte forlate kampen med krykker.
Men Hauge legg også vekt på at begge desse situasjonane var vanskelege å sjå for dommaren.
– Nokre situasjonar blir skjult og skjerma når vi berre får sjå det ein gong. Det er vanskeleg for dommarane å sjå treffpunktet. Vi har trua på det vi held på med. Vi ser masse videoklipp, og vi deler erfaring, seier Hauge til NRK.
– Korleis skal de jobbe for å unngå at dette skjer igjen?
– Det er berre å jobbe endå hardare med å ha rette vinklar, avstandar, posisjonering og å bruke teamet sitt, seier dommarsjefen.
– Har dømt glimrande
Dommarane har jobba med dette i to sesongar og har sagt at dei har eit stort mål i å verne spelarane ute på bana.
Hauge er generelt nøgd med dommarinnsatsen i dei tre første serierundane.
– Dommarane har dømt glimrande, sjølv om det er to taklinger som kunne vore handtert betre. Men slikt skjer ikkje ofte. Strekkjer vi det ut i talet på kampar, så er eg som dommarsjef veldig nøgd totalt sett, seier Terje Hauge.
– Korleis stiller NFF seg til videodømming?
– Vi følgjer med kva FIFA og IFAB (den internasjonale regelkomiteen) gjer. Der er det prosjekt på gang, og videodømming skal visstnok bli brukt i VM 2018.
– Vi er positive til at video kan avsløre slike taklingar, men blir ikkje med i noko prøveprosjekt. Derfor er det eit stykke fram enno, seier Hauge.
Det er delt ut tre raude og 63 gule kort i løpet av dei 24 første kampane i årets elitserie.