NRK Meny
Normal

Moen vedgår dommartabbe: – Skulle ha gitt raudt kort

KRISTIANSUND (NRK): Dommar Svein Oddvar Moen vedgår at han skulle gitt raudt kort rett før det avgjerande målet i oppgjeret mellom Kristiansund og Brann.

Eliteserien fotball 2017 Kristiansund- Brann

TOK FEIL: Svein Oddvar Moen vedgår at han tok feil då han ikkje viste ut Aliou Coly i Eliteserie-oppgjeret mellom Kristiansund og Brann. – Direkte er situasjonen vanskeleg. I ettertid støttar eg at dette skulle ha vore eit raudt kort.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Med sitt første Eliteserie-mål nokon gong slo nyopprykka Kristiansund fjorårets sølvlag 1–0 måndag kveld.

Det einaste som til slutt skilte laga, var ei innblanding frå midtstoppar Bismar Acosta som på klønete vis la Kristiansund-spiss Benjamin Stokke i bakken i straffefeltet.

Men situasjonen som skapte flest reaksjonar utspela seg like før skåringa.

– Soleklart raudt

Kristiansund-back Aliou Coly gjekk inn med ei veldig kraft då han sette knottane i leggen på Jakob Orlov i det 61. minutt. Brann-spelarane gjekk frå frustrerte til rasande då dommar Svein Oddvar Moen berre trekte opp det gule kortet.

– Han stemplar Jakob i leggen med stor kraft. Det er potensielt leggbrot. At det er raudt kort, ser jo alle, sa Sivert Heltne Nilsen, som pådrog seg eit gult kort for protestane.

Dommar Svein Oddvar Moen vedgjekk overfor NRK i går at han var usikker på situasjonen.

Eliteserien fotball 2017 Kristiansund- Brann

STRAFFEMÅL: Sverre Økland sikra klubben si aller første skåring på norsk toppnivå. Minuttar i forkant burde KBK-spelar Aliou Coly fått marsjordre, vedgår dommar Svein Oddvar Moen.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

I dag har dommarteamet analysert situasjonen på tv-bileta og konkludert med at dei tok feil.

– Direkte er situasjonen vanskeleg. I ettertid støttar eg at dette skulle ha vore eit raudt kort.

– Utfordrande ute på banen

Moen seier han opplevde situasjonen som omsynslaus og ikkje farleg. Den erfarne dommaren såg ikkje treffpunktet på leggen til Orlov.

– Krafta i taklinga er eigentleg nok til å kunna gje raudt. Det er lett å sjå i etterkant. Ute på spelebanen er dette ein utfordrande situasjonen. Det går veldig fort og ein skal vera ganske sikker når ein gir eit direkte raudt kort.

Førre serierunde fekk dommarteamet kritikk for ikkje å ha gitt Marcus Pedersen raudt etter taklinga på Kristoffer Haraldseid.

Moen seier ein ikkje kan gardera seg mot feil i ein kontaktidrett som fotball.

– I løpet av ein sesong vil det alltid vera situasjonar der gule kort skulle ha vore raude. Slik vil det alltid vera, for dette skjer i kampens hete.

Eliteserien fotball 2017 Kristiansund- Brann

– UTHALING: Brann-spelarane kokte etter tapet for Kristiansund og kritiserte Kristiansund-spelarane for uthaling av tid. – Ein del av «gamet», kvitterer KBK-trenar Christian Michelsen.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

Langar ut mot uthaling av tid

Taklinga på Jakob Orlov og dei mange tapte målsjansane var ikkje det einaste Brann-trenar Lars Arne Nilsen ergra seg over etter 90 minutt på Atlanten stadion.

Den elles sindige Brann-trenaren hadde svært lite til overs for korleis motstandaren drog ut tida.

Eliteserien fotball: Brann - Strømsgodset, Lars Arne Nilsen

IRRITERT: Brann-trenar Lars Arne Nilsen meiner Brann aldri ville oppført seg som Kristiansund.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Dei legg seg ned på alle frispark, og det er ut og inn. Det er deira måte å løysa det på og det vil eg i grunnen ikkje kommentera.

– Hadde Brann gjort det annleis om de var i KBK sin posisjon?

– Me plar ikkje gjera det på den måten der.

Kristiansund-trenar Christian Michelsen har ei viss forståing for frustrasjonen i Brann-leiren, men trenaren vil ikkje vera med på at dei er verre enn andre.

– Viss det var me som låg under og jaga utlikning, hadde me nok følt at motstandarlaget også hadde hala ut tid og laga frispark og så vidare. Det er ein del av «gamet».

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.