NRK Meny
Normal

Kvifor blir det stadig «lettare» å skyte fullt hus?

Før helga fekk den eksklusive «350-klubben» sitt medlem nummer 20. Kanskje har det blitt for lett å skyte berre blinkar.

Ole Kristian Bryhn, Kim Andre Aannestad Lund og Odd Arne Brekne.

TRE AV KLUBBMEDLEMMENE: Ole Kristian Bryhn, Kim Andre Aanestad Lund og Odd Arne Brekne har alle skote 350 poeng ein eller fleire gonger

Foto: Norges Skytterforbund

– Det har litt med utstyret å gjere, men mest med at skyttarane trenar betre og blir sterkare mentalt, seier NRKs skyteekspert Ola Lunde. – Dei beste skyttarane i dag trenar minst like mange timar som dei beste langrennsløparane.

350 poeng er maksimum på det vanlege programmet for seniorane i Det Frivillige Skyttervesen – og dermed også på Landsskyttarstemnet.

– Maktar ikkje tv-presset

Ola Lunde

MENTAL STYRKE: NRK-kommentator Ola Lunde meiner at skyttarane er sterkare mentalt, og at det er grunnen til at fleire og fleire skyt 350 poeng

Foto: Anders Rove Bentsen / NRK

Men der har det aldri skjedd at nokon har skote feilfritt. 349 poeng er stemnerekord, sett av Knut Arild Brodahl på Elverum i 2010.

– Ei av årsakene til det, er at tv er til stades. Skyttarane er folk som ikkje er vane med å ha tv-kamera i ansiktet, det skjer berre denne eine gongen i året, seier Lunde.

Eliteskyttarane inntar standplassen onsdag, og NRK sender 12 timar frå Landsskyttarstemnet.

–Trur du at dagen når skyttarkongen får 350 nærmar seg?

– Ja, men nervepresset er stort på Landsskyttarstemnet. Det er kanskje 150 skyttarar som held toppnivå. Men dei fleste greier ikkje presset, seier Ola Lunde, som skal kommentere NRKs sendingar onsdag, torsdag og fredag denne veka saman med Andreas Stabrun Smith.

Les også: Slik er Landsskyttarstemnet

Trudde på 350 i fjor

Ola Tore Dokken

KONGE: Ola Tore Dokken er regjerande skyttarkonge og også medlem i 350-klubben. Men sjølv med forholdsvis lett bane på Landsskyttarstemnet i fjor, fekk han berre 348

Foto: NRK

– I fjor sa eg at eg trudde det kunne skje på den nokså lette bana i Sandnes. Men det gjekk ikkje, kongetittelen gjekk på 348.

I år skal stemnet gå på Lesja. Dei beste skyt innleiande skyting onsdag og finaleomgangen torsdag.

– Er bana på Lesja lett?

– Den er vel omlag midt på treet. Vertilhøva blir avgjerande, og vermeldingane tyder på gode tilhøve onsdag, seier Lund.

Åsane-skyttar først

Frode Kristensen frå Åsane og Hordvik var førstemann med fullt hus. Det greidde han i 1999. Sidan har det vorte fleire for kvart år.

– Det er nok ei mental sperre. Nå først barrieren er broten og skyttarane ser det let seg gjere, blir det lettare å kome etter.

Kim-Andre Aanestad Lund frå Jondalen har skote fullt hus heile ni gonger. Fem av dei var i fjor, ein hittil i år.

Snart klart for mindre skiver?

Skytebana på Elverum

SMÅ OG LANGT VEKKE: Tiarblinken er 10 centimeter i diameter, og skivene er 200 meter unna. Likevel er det i ferd med å bli for lett å skyte fullt hus for dei aller beste. Dette er frå bana på Elverum, der Knut Jørgen Brodahl sette Lansskyttarstemne-rekord med 349 poeng i 2010

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Seks gonger i år har ein skyttar skote fullt hus.

– I fjor var det mange, i år synest eg det er litt rart at det ikkje har skjedd fleire gonger.

– Nærmar vi oss eit punkt der skyttarane er så gode at det blir for «lett» å skyte fullt hus, og at ein må innføre mindre skiver for å skilje dei beste?

– Ja, det gjer vi kanskje. Internasjonalt er skivene mindre, kanskje går det den vegen her heime også, seier Ola Lunde.

350-klubben

Namn

Lag

Gonger

År

Kim-Andre Aannestad Lund

Jondalen

11

2009, 2010, 2011, 2014 (5), 2015, 2016 (2)

Ola Tore Dokken

Nordre Land

5

2000, 2003 (2), 2007, 2015

Ole Kristian Bryhn

Røyken og Hurum

4

2011, 2012, 2017 (2)

Vebjørn Berg

Blaker

3

2005, 2009, 2010

Anette Thingbø

Time

3

2016, 2017 (2)

Tor-Erik Fossli

Målselv

2

2003, 2007

Knut Einar Bråthen

Kongsberg

2

2003, 2011

Tor Gaute Jøingsli

Lom og Skjåk

2

2011, 2013

Hans Kristian Wear

Styrvoll

2

2013, 2015

Simon Kolstad Claussen

Høland/Bjørkelangen

2

2013, 2015

Tor Harald Lund

Søgne

2

2015 (2)

Roger Ottosen

Vestre Toten

2

2006, 2015

Daniel Sørli

Høland/Bjørkelangen

2

2016, 2017

Frode Kristensen

Åsane og Hordvik

1

1999 (førstemann)

Knut Haug

Tolga

1

2005

Hans Erik Ness

Nordli

1

2005

John Olav Ågotnes

Sartor

1

2009

Liv Sollesnes

Jondal

1

2009

Odd Arne Brekne

Lyngdal

1

2013

Simen Rundberget

Ski

1

2014

Nils Thomas Valand

Oslo Østre

1

2014

Fredrik Orerød

Froland

1

2015

Tor Arnfinn Homme

Kristiansand & Omegn

1

2016

Jan Kåre Moland

Drangedal

1

2016

Hans Bakken

Nordre Skauge

1

2017

Håkon Sørli

Høland/Bjørkelangen

1

2017

Petter Sørli

Søgne

1

2017

Einar Johansen

Time

1

2017

Siste nytt

  • Johansen-scoring i Fulham-tap

    Norges landslagskaptein, Stefan Johansen, scoret sitt fjerde seriemål for sesongen da Fulham tapte 1–2 mot Aston Villa i engelsk mesterskapsserie lørdag.

    Stefan Johansen
    Foto: Alan Walter / Reuters
  • AaFK reddet poeng på overtid

    Aalesund utlignet til 1-1 på overtid mot Kristiansund lørdag. Dermed sikret de seg et viktig poeng i nedrykksstriden. Like før slutt stormet Kristiansunds Torgil Gjertsen mot AaFK-målet som var åpent, men sentret i stedet for å skyte og det ble bom.

    Aalesund - Kristiansund.
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Sportsrevyen
4-4-2 Eliteserien fotball: Brann - Rosenborg