– Vi er litt lei oss på vegner av Peru. Men taper du to kampar på rad er berre å seie takk for kaffien, sa NRK-ekspert Morten Skjønsberg etter Frankrikes 1-0-siger.
I opningskampen mot Danmark laurdag var det Peru som skapte dei fleste sjansane. Men mål var det ikkje, heller ikkje på straffesparket dei fekk som følgje av VAR – noko som gjorde syndebukken Christian Cueva heilt utrøysteleg.
Også Frankrike måtte slite hardt mot Peru, som mellom anna hadde ei spektakulær avslutning i krysstonga. Men heller ikkje denne gongen ville det seg for søramerikanarane, som med to 1-0-tap er ute av turneringa.
– For dårleg samhandling
– Frankrike hadde brukbar kontroll denne kampen. Men dei har mykje å gå på, spesielt i den defensive strukturen. I det offensive har dei mange stjerner, men dei må jobbe betre saman, meiner NRK-ekspert Morten Skjønsberg.
1-0-sigeren betyr at Frankrike er vidare frå gruppe C. Danmark slår følgje dersom dei tek poeng mot nettopp Frankrike tysdag neste veke.
Men om Frankrike slår Danmark, samtidig som Australia slår Peru, vil målforskjell avgjere om Australia eller Danmark går vidare.
Ferdigscora for stortalentet
Den avgjerande scoringa var det Frankrikes nye nummer 10, Kylian Mbappé, som stod for.
Paul Pogba vann ballen høgt i bana og sende han vidare til Olivier Giroud. Avslutninga til Chelsea-spissen gjekk via Peru-stopparen Alberto Rodríguez og over den utspelte keeperen Pedro Gallese. 19 år gamle Mbappé kunne enkelt score frå kort hald.
– Dette er jo utruleg synd for Peru. Frankrike har flyten til eit topplag i denne situasjonen. No blir det tungt for Peru, sa NRK-kommentator Thomas Lerdal.
Sjå scoringa og høgdepunkta her:
Mbappé sender Frankrike i ledelsen
Mbappé sender Frankrike i ledelsen
0:13Ousmane Dembele med stor mulighet
0:07Griezmann med skudd for Frankrike
0:06Guerrero med en stor sjanse for Peru
0:07Mbappé med et akrobatisk forsøk
0:08Pogba tester skuddfoten
0:15Lucas Hernandez med en stor mulighet for Frankrike
0:23Peru med skudd i stolpen
0:15Peru med skudd fra 20 meter
0:08Jefferson Farfán med stor sjanse for Peru
0:15
Nær VMs vakraste
Scoringa kom i det 34. minutt. Like før hadde Kylian Mbappé prøvd å hælsparke ballen i mål etter ei smart pasning frå Paul Pogba, utan å få treff. Det var Frankrikes fjerde sjanse i 1. omgang, mot Perus eine.
– Men Peru spelte i grunnen ein god 1. omgang, meinte Morten Skjønsberg.
Også 2. omgang vart jamnare enn kva favorittane Frankrike helst hadde sett for seg.
Fem minutt etter kvilen testa Perus midtbanespelar Pedro Aquino skotfoten frå distanse. Ballen gjekk rett i krysstonga og ut.
– Det er så nær å bli VMs vakraste mål, sa NRK-kommentator Thomas Lerdal.
Peru har ingenting å spele for i deira siste kamp mot Australia. Men om dei tek poeng hjelper dei Danmark vidare til åttandedelsfinalen.
– Vi gav alt vi hadde mot to tøffe motstandarar. Men vi gir oss ikkje her. Vi har tenkt å avslutte VM med den same innstillinga som vi har vist så langt, varslar Peru-trenar Pedro Gallese ifølgje BBC.