Hopp til innhold

10 fotballmyter: Nei, corner er definitivt ikkje mål

Er det eigentleg ein fordel å ta den fyrste straffa i straffesparkkonkurranse? Og er corner ein så stor målsjanse som mange vil ha det til? Her får du svara.

David Beckham bommer på straffe i EM 2004

FORBANNING: England har berre ein einaste gong vunne straffesparkkonkurranse i meisterskap. I EM i Portugal i 2004 blei David Beckham den store syndebukken.

Foto: THOMAS KIENZLE / Ap

Mytene i fotballverda er mange. Nokre går langt tilbake, medan andre har utvikla dei seinaste år i tråd med nye reglar i og nyvinningar i sporten.

Men er dei basert på fakta?

Kenneth Wilsgård er fagansvarleg for analyse og teknologi hos Norsk Toppfotball og jobbar i tillegg med analyse for landslaget.

Han har saman med fleire analytikarar forska på mange av mytene, og kan gje deg svara.

1. Det er fordel å skyte fyrst i straffekonkurranse

Ekspertanes dom: INGEN MYTE

Professor Geir Jordet ved Norges Idrettshøgskole er ein av dei som har forska mest på straffesparkkonkurransar.

– Ein har 60 prosents sjanse for å vinne om ein startar straffesparkkonkurransen, viser ein studie av 2000 straffar i 200 straffesparkkonkurransar i VM, EM og andre turneringar. I meisterskap er likevel ikkje tendensen like tydeleg, seier Wilsgård.

Italiensk jubel. Buffon og Diamanti

SCORA FYRST: Italia tok den fyrste straffa og scora ved Mario Balotelli. Til slutt kunne Gianluigi Buffon og Alessandro Diamanti juble for siger.

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

2. Det er større sjanse for at eit lag slepp inn mål rett etter at dei har scora.

Ekspertanes dom: MYTE

Ei undersøking av 127 Premier League kampar som endte 1-1 viste at det ikkje er større sjanse for å sleppe inn mål rett etter eigen scoring enn andre tidspunkt i kampen. Det kom fram i boka «Myths and Facts about football» som kom ut i 2008.

Kroatia-Tyrkia

RETT TIL MÅL: Kvartfinalen mellom Kroatia og Tyrkia i 2008 var mållaus heilt til det 118 minutt da Kroatia scora. Men Tyrkia gjekk rett i angrep frå avspark og Semih Sentürk scora berre sekund etter. Tyrkia vann til slutt 3-1 på straffer.

Foto: RONNY HARTMANN / AFP

3. Er det nødvendigvis ein fordel å spele mot 10 mann?

Ekspertanes dom: INGEN MYTE

– Ja, spesielt for heimelaget er det ein stor fordel å spele mot 10 mann. Fordelen er ikkje like stor på bortebane, men også der viser studier ein klar fordel, seier Wilsgård.

Soccer Euro 2012 Poland Greece

FRUSTERT: Dei greske spelarane var svært frustrert da Sokratis Papasthoupolous fekk raudt kort i gruppespelet mot Polen. Men kanskje har ikkje det å spele med ein mann mindre som ein skulle tru?

Foto: Alik Keplicz / Ap

4. Er corner verkeleg ein stor målsjanse?

Ekspertanes dom: MYTE

Her gjev forskinga klare svar.

– Ei bacheloroppgåve på Norges Idrettshøgskole analyserte alle hjørnespark i VM i 2014. 3,7 prosent av hjørnesparka resulterte i mål. Det blei altså mål på 25 av 668 hjørnespark. Me har også undersøkt åtte sesongar i Eliteserien, og funne ut at det blir mål på kvar 39 corner. Corner er altså langt ifrå ein stor målsjanse, seier Wilsgård.

Corner Sverige mot Nederland

FARLEG?: Supporterane jublar ofte når laget deira blir tildelt hjørnespark. Men det er kanskje ikkje ein så stor sjanse som mange trur.

Foto: FRANK AUGSTEIN / Ap

5. Korte hjørnespark blir aldri mål

Ekspertanes dom: MYTE

Ifølgje boka Tallenes tale er det heilt motsett. Korte hjørnespark løner seg i det lange løp, har forfattarane Chris Anderson og David Sally funne ut.

– Tallene viser at hjørnespark ikkje har betydning. Det fører sjeldan til mål. Tvert imot kan laga bli sårbare bakover. Derfor tek Barcelona ofte korte hjørnespark og held ballen i laget, seier Sally til nettstaden Olympiastadion.no.

Neymar kort corner

SUKSESS?: Neymar og Barcelona er kjent for å ta korte hjørnespark.

Foto: ALBERT GEA / Reuters

6. Tapar «alltid» England straffekonk?

Ekspertanes dom: INGEN MYTE

– England har tapt seks av sju straffesparkkonkurransar i meisterskap. Dei har berre vunne ein og det var i kvartfinalen mot Spania på heimebane i 1996, da tapte dei seinare mot Tyskland i semifinalen.

Rooney skuffa etter straffetap

RETT UT: Wayne Rooney var svært skuffa etter at England tapte straffekonk mot Italia i førre EM i 2012.

Foto: Michael Sohn / Ap

7. Å bytte på defensiv dødball aukar alltid risiko for mål

Ekspertanes dom: MYTE?

– Eg har ikkje sett noko forskning på dette, men eg vil tru at den negative betydninga av bytte er noko overdrive. Det er uansett få lag som gjer bytter på dødball i mot, så det er ikkje lett å samle nok data til å bekrefte eller avkrefte om dette er ei myte, seier Wilsgård.

Norges fotballandslag juni 2016

–HELT NATTA: Per Mathias Høgmo gjorde to bytter på defensiv dødball «»mot Belgia. Belgia scora og ekspertane kalla grepet for «helt natta».

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

8. Den farlege 2-0 leiinga

Ekspertanes dom: MYTE

Her er det heller ikkje gjort mykje forskning seier fotballanalytikaren.

– Det er ingen tal som peikar i den retninga. Eg vil tru dette er eit psykologisk fenomen som gjer at ein tillegger meir vekt når det fyrst skjer. Dei gongene eit lag vinn etter å ha leia 2-0 blir det jo ikkje snakka om.

Harry Kane mot Tyskland

SNUDDE: Harry Kane og England låg under 2-0 mot Tyskland i ein treningskamp tidlegare i år. Engelskmennene viste at det kan vere ein skummel leiing da dei snudde til 3-2.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

9. Ein skal aldri ta straffa sjølv om ein blir felt

Ekspertanes dom: MYTE

– Her har det blitt gjort fleire store undersøkingar. 835 straffer der spelaren som har blitt tatt, har tatt den sjølv har blitt undersøkt. Resultata viser at det ikkje har noko samanheng om det blir mål eller ikkje.

Arjen Robben blir tatt mot Mexico

ROPA PÅ STRAFFE: Arjen Robben ropte på straffe opptil fleire goner i 1/8 dels finalen mot Mexio i VM i Brasil. Til slutt fekk han det, men ville ikkje ta straffa sjølv. Klaas-Jan Huntelaar scora på straffa.

Foto: Wong Maye-E / Ap

10. Det er fordel å ta straffe framfor eigne supportarar

Ekspertanes dom: MYTE

– Her fann eg ingen statistisk haldbar samanheng. Når det er sagt så ser det ut som at det å vere i straffekonk på bortebane kan vere noko enn heimebane. Resultata går i alle fall i denne retninga, seier Wilsgård og siktar til forskninga til professor Jordet igjen.

Sverige U21-meistrar

VANN EM: Sveriges U21 landslag vann straffesparkkonkurransen mot Portugal i fjor etter å ha tatt straffene mot eigne fans.

Foto: Lee Smith / Reuters

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal