Ajer ute av Celtic-troppen
Kristoffer Ajer er ikkje med i Celtics tropp til meisterligakvalifiseringa. Årsaka er spekulasjonane om at han kjem til å byte klubb, skriv STV News.
Fristen for å melde inn troppene er ved midnatt i kveld. Celtic skal møte Midtjylland heime i Glasgow i første kamp i 2. kvalik-runde i morgon.
Ajer har sagt at han ønskjer seg til ein annan klubb, og at Celtic har imøtekome ønskjet. Han er linka til fleire europeiske klubbar, og den nyopprykka Premier League-klubben Brentford skal ha lagt inn eit konkret bod i førre veke.