Hauger imponerte i Frankrike
Dennis Hauger klinka til med ein sterk 2.-plass på laurdagens andre løp i formel 3-runda i Frankrike. Dermed held han fast ved leiinga si i meisterskapet.
Nordmannen blei berre slått av stallkamerat Arthur Leclerc i det andre av laurdagens to løp. Det første løpet resulterte i ein 9.-plass.
– Eg synest vi gjorde maksimalt av det vi kunne få til i dag. Det første løpet blir litt rotete, men det var deilig å slå tilbake i det andre, sa Hauger i eit intervju med Vsport.
Hauger delar leiinga i meisterskapsserien med franske Victor Martins etter fem av 21 løp.
På søndag er helgas siste løp, og også det som gir flest poeng i samandraget. Der startar Hauger som nummer to.