England-back knust etter skade
Arsenals 19-åring Bukayo Saka scora sitt første landslagsmål og gav England 1-0 over Austerrike i privatlandskampen onsdag.
Sigeren kom likevel med ein bismak, ettersom Trent Alexander-Arnold blei skadd og måtte gå ut mot slutten av kampen.
Han tok tysdag ein av dei siste plassane i EM-troppen. Det er uvisst kor alvorleg skaden er.
Saka scora målet etter 57 minutt, etter ei mislykka austerriksk klarering.
Austerrike hadde like etter eit skot i tverrliggaren, men kom ikkje nærmare.
Borussia Dortmunds 17 år gamle Juder Bellingham fekk også sin landslagsdebut.