IBU forbyr farlege fluor-produkt
Det internasjonale skiskyttarforbundet, IBU, forbyr all bruk av dei farlegaste fluorprodukta i sine konkurransar frå og med komande sesong.
All utvikling, innkjøp, bruk, sal eller å gje alle produkt som inneheld C8-fluorkarbon, blir forbode, skriv IBU i ei pressemelding.
Dette er i tråd med EU-reglane med fluor i skismurning. C8 er ikkje nedbrytbar. I staden er såkalla kortkjeda fluorkarbon C6, som er ein flytande glider, introdusert. Denne skal altså framleis vere lov innan IBU.
IBU skal også under konkurransane ha utstyr som der og då skal kunne spore fluorkarbon. Men til det trengst ein såkalla «Fluor Tracker» som enno ikkje er ferdig. Derfor vil slike kontrollar ikkje finne stad komande sesong, skriv IBU.
– Dette er ei veldig fornuftig løysing. Det får ingen store konsekvensar for løparane, samstundes som vi går i rett retning med tanke på helse og miljø, utan at det er totalforbod, seier smørjesjef Tobias Dahl Fenre til NRK.
Både FIS (det internasjonale skiforbundet) og IBU vedtok allereie i fjor å innføre forbodet, men begge vedtok å utsetje det til i år fordi fluor-trackeren ikkje var ferdig.
Årsaka til forbodet er både miljøvernomsyn og omsynet til skismørjarane si helse.