Reagerte på dommaren sin språkbruk
Midtbanemennene Marco Verratti og Ander Herrera var opprørte over språkbruken til dommaren då PSG rauk ut for Manchester City i semifinalen i meisterligaen.
Dommer Björn Kuipers fekk høyre det etter 0-2-tapet for City. Ifølgje PSG-spelarane hadde han brukt grove vendinger til dei under og etter kampen.
– Vi snakkar om respekt for dommarar. Dommaren sa «fuck off» til Leandro Paredes. Om vi seier det, får vi tre-fire kamper karantene, sa Herrera til den franske TV-stasjonen RMC etter nederlaget.
– Til meg sa han «fuck you» fleire gonger. Eg hade fått ti kampar karantene om eg hadde sgt noko slikt, sa Verratti.
Kuipers har ikkje uttalt seg etter kampen.