Klopp: - Eg har ikkje endra meining
Liverpool-manager Jürgen Klopp er klar på at han framleis ikkje er tilhengar av planane om ein ny europeisk superliga i fotball.
Det sa tyskaren då han blei intervjua av Sky Sports før Premier League-møtet med Leeds.
Klopp har tidlegare uttrykt skepsis mot planane om ein lukka europeisk superliga.
– Eg har ikkje endra meining. Eg høyrde om dette for første gong i går. Vi har fått litt informasjon, men ikkje mykje, for å være ærleg. Det er mest det ein meir eller mindre kan lese om i aviser, sa Klopp før kampen måndag.
– Vi har ikkje vore involvert i nokon prosessar, verken eg eller spelarane. Vi visste ikkje om det. No er fakta ute, så får vi sjå korleis det utviklar seg, sa Klopp.