Ryttar utestengd i 20 år
Sh Abdul Aziz Bin Faisal Al Qasimi frå Dei arabiske emirata er utestengd i 20 år for å ha dopa hesten sin til døde, har domsutvalet i det internasjonale ryttarforbundet (FEI) bestemt.
Hans hest Castlebar Contraband døydde under eit løp i Frankrike i 2016. Hesten kollapsa under løpet, og obduksjonen viste spor av eit ulovleg stoff, og hesten hadde i tillegg fått blokkerte nervar slik at han ikkje skulle kjenne smerte, melder insidethegames.biz.
Først i førre veke fall dommen, som inneber utestenging av den 31 år gamle ryttaren til juni 2040.
– Vi har hatt mistankar om att slikt ha pågått ei tid, men dette er det første tilfellet der vi har klare bevis for nerveblokkering under konkurransar, seier FEIs sjefsveterinær Göran Åkerström til ridenews.se.