Danmark lever farleg
Med berre 24-24 mot Ungarn heng Danmarks sjansar til å gå vidare i EM i ein tynn tråd. No må dei slå Russland i siste kamp onsdag, samstundes som dei må ha hjelp av Island som må slå Ungarn.
Då spelar Danmark siste kamp for dagen, og kan dermed spele på Ungarns resultat.
Ungarn leia 13-11 ved pause, og danskane var ikkje i leiing før på 24-23 fire minutt før slutt.
Resultatet betyr også at Island er klar for hovudrunden, og blir ein av Norges motstandarar der.