Direkte fra finalen i håndball-EM.

Håndball-EM 2020, menn

Oppsummert

  • 16.30: Følg og hør EM-finalen mellom Kroatia og Spania.
  • Kommentatorer: Patrick Sten Rowlands og Håvard Tvedten.
  • Spania blei europameister

    Spania scora det avgjerande målet få sekund før full tid og slo Kroatia 22-20 i EM-finalen.

    Spania låg under med tre mål etter 20 minutt, men leia 12-11 ved pause, og 16-12 nokre få minutt inne i andre omgang.

    Sigeren såg ut til å glippe då Kroatia snudde 16-18 til 19-18 med få minutt att. Men i dei siste minutta heldt Spania hovudet kaldast.

    Med sigeren er Spania klare for OL i Tokyo i sommar.

    Jorge Maqueda Pena, Spania
    Foto: Jonathan Nackstrand / AFP
  • Sagosen og Jøndal på All Star-laget

    Både Magnus Jøndal (venstreving) og Sander Sagosen (venstreback) fikk plass på EMs All Star-team.

    Øvrige på All Star-teamet ble: Gonzalo Perez de Vargas, Spania (målvakt) Igor Karacic, Kroatia (midtback), Bence Banhidi, Ungarn (strek), Jorge Maqueda, Spania (høyreback), Blaz Janc, Slovenia (høyreving).

    Sander Sagosen
    Foto: Vidar Ruud
  • Historisk EM-bronse til Noreg

    Dei norske handballherrene gjekk på eit knapt tap mot Kroatia i semifinalen i handball-EM, men viste at dei verkeleg ville vinne medalje og vann 20-28 mot Slovenia i bronsefinalen. Det er Noregs første EM-medalje.

    Torbjørn Bergerud stod ein strålande kamp i mål. Magnus Jøndal spelte også ein god kamp, fekk sju mål og vart kåra til banens beste.

    LtdTpYTk0Ug
    Foto: Anders Wiklund
Laster innhold, vennligst vent..

Sportsnyheter

Disse 32 sekundene opprørte politiet i Qatar

Bildene fra innsiden av en migrantleir ledet trolig til at NRK-journalistene Halvor Ekeland og Lokman Ghorbani ble arrestert i Qatar.

Siste nytt

  • Bjørkan til Hertha Berlin

    Bodø/Glimts Fredrik Bjørkan skal til Hertha Berlin og Bundesliga etter at den norske sesongen er ferdig. Då går hans kontrakt med Glimt ut.

    – Det er rett tid for meg å ta dette steget, seier Bjørkan til VG.

    Fleire andre klubbar skal også ha vore ute etter 23-åringen, som debuterte på landslaget i sommar.

    Hertha har frå før Rune Almenning Skarstein i stallen, og ligg på 14.-plass i ligaen.

    Fredrik Bjørkan)
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Beit motspelar, ute i fem kampar

    Los Angeles Kings-spelaren Brendan Lemieux i NHL blir stengd ute i fem kampar etter å ha bite ein motstandar i helga.

    Under utestenginga taper han all lønn, tilsvarande rundt 350.000 kroner.

    Det var i kampen laurdag mot Ottawa Senators at Lemieux hamna i bråk med Brady Tkachuk. Også linjedommaren var innblanda i basketaket som enda med at Lemieux beit Tkachuk.

    Lemieux fekk matchstraff, og Tkachuk rasa etterpå og kalla hendinga for det verste nokon kan gjere mot ein.

    Brendan Lemieux
    Foto: Harry How / AFP
  • Koronatrøbbel for Austerrike

    Austerrikes VM-lag i handball måtte la landslagssjef Herbert Müller vere igjen heime då dei reiste til Spania. Han har testa positivt for koronaviruset.

    Det melder ORF, som opplyser at Müllers assistent Erwin Gierlinger og spelaren Katarina Pandza er identifiserte som nærkontaktar og er isolert.

    Austerrike skal spele dei innleiande kampane sine i Torrevieja.

    Heile delegasjonen bortsett frå dei isolerte testa negativt både før avreise og etter at dei kom fram til Spania.

    Østerrike håndball
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal