Viking audmjuka VIF
Gjestane frå Stavanger feide over Vålerenga og vann 4–0 i hovudstaden. Dette var Oslo-laget sin åttande kamp utan siger. Even Østensen scora to mål, medan Adrian Pereira og Benjamin Källman scora kvar sitt mål. Det vart ikkje betre av at Bård Finne bomma på straffespark for heimelaget.