Mållaust i Bergen
Brann hadde ballen klart mest i Bergen mot Haugesund, men det enda med 0-0 framfor 10.000 nokså misnøgde bergensarar.
Brann hadde klart overtak før pause, men Haugesund var betre med i andre omgang.
– Siger til oss i dag hadde vore eit ran, sa Haugesunds trenar Jostein Grindhaug til Eurosport.
– Vi var overraskande bra før pause, og burde hatt mål. Etter pause får vi ikkje i stand same trykketMen vi har eit nykomponert lag og blei slitne mot slutten, seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen til NRK.
Nilsen snakka med supporterane etter kampen.
– Eg trur dei forstår at vi har det vanskeleg. Vi må tenkje nytt og mobilisere det vi har. Vi skulle hatt fleire tilgjengelege, men med 5-6 ute er det vanskeleg.
– Høyrde du ikkje pipinga då de gjekk av bana?
– Eg er tunghøyrd. Men eg trur publikum forstår at spelarane blødde for drakta og gjorde det dei kunne i dag. Det er frustrerande å ikkje vinne, seier Nilsen, som skal ta laget sitt til Rosenborg på Lerkendal neste helg.