Tilhengarane til Dinamo Zagreb har rykte som bråkmakarar. Ikkje minst supportergruppa Bad Blue Boys (BBB).
– Vi reknar med det blir mykje kok her i Zagreb. Men vi er her først og fremst for å få eit bilete av kva som kan kome til Trondheim i returkampen, seier politimann Håkon Jørgensen.
Jørgensen har til vanleg jobben med å kontrollere tryggleiken når Rosenborg spelar kampar i Trondheim.
På Lerkendal er det til vanleg fire–fem politifolk til stades. Ved kampen i Zagreb vil det vere 600.
– Vi har høyrt om BBB, og det er berre å gå inn på Youtube, så ser vi litt av kva slag supporterar det er. Så det kjem nok til å koke, ja, seier Jørgensen.
I samband med ein kamp mot Brann i Bergen i 2007 blei 30–40 tilreisande kroatar sende med fly heime igjen.
– Best med bortekamp først
Heime i Noreg kjenner Jørgensen og dei andre til supporterane til klubbane, som stort sett er dei same år etter år. Men i Europa er det meir ukjent.
– Då er det bra om vi kan få kunnskap. Derfor er det godt å få bortekamp først, då kan vi skaffe oss betre kjennskap. Vi kontaktar lokalt politi for informasjon. Det kan vi bygge på til returkampen.
Rosenborg har eigen tryggleikssjef som har ansvaret for laget.
– Men vi er med og assisterer, og lokalt politi held vakt utanfor RBK-hotellet i natt.
No vil dei prøve å finne ut kor mange kroatiske supporterar, ikkje minst frå BBB, som kjem til Trondheim.
– Det blir nok litt meir politi enn på vanlege kampar. Det er ingen grunn for det trønderske publikum for å vere redd for å gå på kampen og heie fram Rosenborg til meisterligaspel, seier Jørgensen.
Også UEFA sender tryggingsfolk
Dagleg leiar i Rosenborg Tove Moe Dyrhaug ventar også kok på kampen onsdag.
– Vi tar vanlege tryggingsreglar når vi reiser på kamp. Men vi trur ikkje på bråk.
Dinamo Zagreb har måtta spele fleire kampar for tomme tribunar. Det skjer ikkje onsdag.
– Er det litt ekstra når de skal møte klubbar der publikum har eit så dårleg rykte?
– Det er litt spesielt når UEFA har sett opp ekstra tryggingsdelegatar. Klubben veit kva straff dei kan få om det blir bråk.