Geir Gulliksen heime hos seg sjølv på Stall Gullik. 2021

Dei er blant verdas beste sprangryttarar.

US singer-songwriter Bruce Springsteen attends the New York special screening of "Western Stars" at Metrograph on October 16, 2019 in New York City.

Dei omgåst stjerner som Bruce Springsteen og Bill Gates.

Medaljane til Geir Gulliksen

Dei har millionar i formue.

Familien Gulliksen september 2021. Victoria, Geir og Elisabeth. Høgdeformat

Møt familien Gulliksen

Møt familien Gulliksen

Ein god stad å byrje for å bli kjent med familien Gulliksen er å titte inn i stallen januar 2020.

Før koronapandemien og strenge restriksjonar.

Pappa Geir Gulliksen, arbeidarsonen frå Ålesund, fyller 60 år og skal ha storslått feiring på garden sin. Ein gigantisk tomt som kan få ein kvar til å måpe.

Den store innandørsbana – der familien Gulliksen har lagt ned uendelege mange treningstimar på hest – er gjort om til festlokale.

På golvet står nå bord med kvite dukar. Belysninga er dim. Store artistar som Elisabeth Andreassen, Trond Nagell Dahl og Elg gjer seg klare til å by på det ytste av god musikk.

Lyden av galopp og vrinsking er langt unna.

I staden er det fire hundre penkledde gjestar frå inn- og utland i meir eller mindre fri dressur.

60-årslaget til Geir Gulliksen

FEST: Alle var velkomne då Geir Gulliksen feira 60-årsdagen sin og 25-årsjubileet til Stall Gullik.

Foto: Privat

Her er bøndene frå Lier og kompisar frå barndomen plassert saman med fasjonable personar som prinsesse Märtha Louise, Athena Onassis (ei av verdas rikaste kvinner), skodespelar William Shatner og store namn frå hestesporten som John og Michael Whitaker.

– Eg kjenner mange folk, og eg er like mykje kompis med vanlege folk som med kjendisar. Her er alle velkomne. Alt frå lågaste til høgste rang. Her er det ikkje noko skilje.

Gjennom hestesporten har Geir blitt venar med mange store namn.

Men det er ikkje namna i seg sjølv som interesserer han.

Geir Gulliksen og Jessica Springsteen

SPRINGSTEEN: Geir Gulliksen og Jessica Springsteen, dottera til Bruce Springsteen, rir på same lag og møtest jamleg.

Foto: Privat

– Eg er nysgjerrig på folk. Eg er oppteken av det personlege, ikkje kor mykje pengar du har eller posisjon du har. Barna til for eksempel Bill Gates og Bloomberg er veloppdragne barn, dei er ikkje slik som trur at dei er noko. Dei er veldig «low-key».

Kven er den mest interessante personen du har møtt?

– Det er Bill Gates, trur eg. Han har ikkje telefon ein gong. Han er berre oppteken av korleis verda vil sjå ut om 20 år. Han tenker veldig mykje, og var førebudd på pandemien. Allereie i 2015 visste han at det neste store som kom til å skje i verda ikkje blir med våpen.

Bill Gates er dessverre ikkje til stades på festen.

Ein som derimot nesten er til stades er «the Boss», Bruce Springsteen. Litt seinare vil han nemleg dukke opp på skjermen med helsing til kompisen sin Geir.

Men akkurat den framsyninga skal vi kome tilbake til.

– Bruce Springsteen er ikkje noko konge han altså, han ein veldig nedpå fyr. Veldig jordnær.

Geir Gulliksen heime hjå seg sjølv på Stall Gullik. 2021

Livet til Geir Gulliksen startar derimot så langt unna Bruce Springsteen det er mogleg å kome.

Ålesundsguten som bygde eit hesteimperium

I programmet «Familiens ære», der vi i haust ser Geir og dotter Victoria konkurrere mot andre idrettsfamiliar, blir Geir stilt eit dilemma.

«Eit OL-gull til deg sjølv eller 100 millionar til Victoria?»

Geir svarer med glimt i auget:

«100 millionar har eg allereie».

Men han starta på bar bakke. Stein for stein har han bygd opp det han har i dag.

Vi må tilbake til Ålesund på 1960-talet der han veks opp saman med mor, far og storebror. Ein heilt vanleg norsk familie.

At han seinare skulle bli Noregs beste sprangryttar var det sannsynlegvis svært få som kunne sjå for seg.

Bronsestatue av hest og rytter som Geir Gulliksen fekk i gave på 60-årsdagen.

STATUE: Bronsestatue av hest og ryttar som Geir Gulliksen fekk i gåve på 60-årsdagen frå forretningspartnar Bjørn Rune Gjelsten.

Heime hjå familien Gulliksen. Premie

PREMIE: Fleire av utmerkingane til Geir Gulliksen heng på veggen i hovedhuset.

Heime hos familien Gulliksen. Medalje

MEDALJE: Geir Gulliksen har oppnådd mykje som sprangryttar.

Stall Gullik, september 2021

STALL GULLIK: Geir Gulliksen er like mykje forretningsmann. Mesteparten av inntektene kjem fra å utdanne hestar, for så å selje dei.

Heime hos Geir Gulliksen. September 2021.

GG: Det skal ikkje vere nokon tvil kven eigedomen høyrer til.

Interessa kom relativt seint, og i starten var han redd.

– Vi måtte hente hestane på jordet og sale på dei, og det likte eg ikkje. Så eg fekk ferdig påsala hest. Den heitte Svarten, fortel Geir.

Redselen til trass, Gulliksen fann fort ut at det å jobbe med dyr var noko heilt unikt.

– Eg syntest det var spennande. Og så byrja vi med konkurransar og så gjekk det bra, og så gjekk det slag i slag.

Det tok ikkje lang tid før han kom på landslaget, og byrja å briljere på stemne.

– Det hjelp ikkje å ha talent om du ikkje har talent til å jobbe hardt og tileigne deg kunnskap for å bli ein god ryttar.

Hest hos Geir Gulliksen. September 2021.

– Det å stå på, og aldri ta eit nei for eit nei, vere arbeidsam, tenke langsiktig og køyre på er det som har gjort at eg har kome dit eg er i dag.

Geir Gulliksen trenar hest. September 2021.

Få hadde trua

– På vegen oppover var det mange som sa at det ikkje var vits å prøve å bli toppryttar, sidan eg var frå Noreg. Her var det ikkje moglegheiter. «Faen, det skal eg motbevise».

– Og det har vi motbevist.

For i dag er han Noregs beste sprangryttar, og blant verdseliten i sprangriding.

Dei siste 28 åra har han tatt 11 kongepokalar, deltatt i tre verdsmeisterskap, seks europameisterskap og fire World Cup-finalar.

I sommar var han med i OL for andre gong.

Tokyo, Japan 20210804. Geir Gulliksen og hesten Quatro under finalen i OL i Tokyo 2020 sprangridning i Equestrian Park. Foto Stian Lysberg Solum  NTB

Men det har kosta. Det er ikkje berre glamorøse middagar, dyre hotell og besøk på gourmet-restaurantar.

Hestesport er ein ekstrem livsstil. Og knallhardt arbeid.

Geir tenker hest heile døgnet. Sjølve arbeidsdagen er 16 timar. Han har få vanlege kvardagar.

Den veka vi fekk tak i han hadde han vore innom fem land. For å sjå på hest, ri på hest og delta på stemne.

– Det er ikkje mykje kvil. I tillegg inneber livsstilen vår å utdanne og selje hestar. Det er ei heilt anna greie det vi driv på med samanlikna med andre toppidrettsutøvarar.

Flest nedturar

Også dotter Victoria (29) og sonen Johan-Sebastian (25) er profesjonelle sprangryttarar og hevdar seg på høgt internasjonalt nivå. Dei veit også alt om sjølvforsaking.

Victoria Gulliksen saman med den eine ponnien dei har på Stall Gullik.

I STALLEN: Victoria heime i stallen.

Foto: Ulrik Kramer

– Det er ekstremt hardt arbeid. Det er mykje hardare enn kva folk trur. Vi jobbar fleire veker, månader og år for dei to minutta vi er inne i ringen, seier Victoria.

Både ho og Johan-Sebastian byrja tidleg med hest. Det var opp om nærmast om natta for å trene hest før skulen, og det same igjen etter skulen.

– Ein blir sjølvstendig veldig tidleg, fortel Johan-Sebastian.

Johan Sebastian Gulliksen

Johan-Sebastian vann sin fyrste nasjonale Grand Prix som 14-åring og har tatt ein drøss med titlar etter det.

Systera Victoria har den same drivkrafta. Det ligg i gena.

– Det som driv deg er at du er glad i dyr. Det er gøy å vere i stallen. Det er det som held deg i gang. Meistringskjensle, fortel Victoria.

– I hestesporten er det 90 prosent nedturar og 10 prosent oppturar. Det kunne aldri ha gått å leve berre på resultat, legg ho til.

Ho kom på 9.-plass i EM i år, og vart med det den beste kvinnelege ryttaren i Europa. For i ridesporten konkurrerer menn og kvinner mot kvarandre.

Men det er sjeldan at Geir, Johan-Sebastian og Victoria opplever suksess på same tid.

– Det er brutalt

Dei konkurrerer mot kvarandre, og alle har like mykje lyst til å vinne. Korleis er det å konkurrere mot sine egne barn?

– Nei, det er ikkje så spesielt som alle vil ha det til. Eg vil slå dei, og dei vil slå meg, konstaterer Geir.

Men sonen Johan-Sebastian innrømmer at det ikkje alltid er like lett.

– Det er brutalt. Vi vil jo alle vere den beste. Men samtidig så unner vi kvarandre suksessen når det går bra. Og oppmuntrar kvarandre når det går dårleg, seier han.

Johan Sebastian Gulliksen i ljosare versjon. Heime på Stall Gullik. 2021
Foto: Ulrik Kramer

Både han og Victoria tapte kampen før OL. Det var faren som fekk den norske OL-plassen. Som den eldste norske deltakaren nokosinne.

Plutseleg står Märtha Louise der

Ein av dei som trenar på Geir sin gard er Emma Tallulah. Ho har blitt køyrt ut av mora si. Märtha Louise. Og då blir det heilt umogleg å ikkje spørje: «Korleis vil du beskrive familien Gulliksen?»

– Geir, Victoria og Johan-Sebastian har eit utruleg sterkt konkurranseinstinkt, seier prinsesse Märtha Louise.

– Spesielt Geir, han gir ingenting ved dørene, legg ho til og humrar.

prinsesse Märtha Louise besøker familien Gullikse

Men verken Geir, Johan-Sebastian eller Victoria ville ha klart seg utan grunnpålen i familien. Kona til Geir, barnas mamma – Elisabeth.

– Vi hadde ikkje klart det utan mamma. Ho speler ei ekstremt viktig rolle fordi det er ho som held oss saman. Utan henne så hadde vi ikkje fått kvardagen til å gå rundt, seier Johan-Sebastian.

– Vi hadde ikkje fått det til like bra om ho ikkje hadde vore med oss – og rundt oss, understrekar Victoria.

Familien Gulliksen

KJÆRLEIK: Geir Gulliksen saman med kona Elisabeth, Johan-Sebastian og Victoria.

Bruce Springsteen: – Dei beste åra er etter 60

La oss gå tilbake til 60-årsdagen. Og Bruce Springsteen. Korleis kunne han vite at dei beste åra låg framfor Geir?

Det var nemleg fyrst etter 60-årsdagen at Geir oppnådde det han beskriv som sin største triumf hittil, nemleg sigeren i verdscupen i Göteborg.

Nå til helga skal han og barna delta på det norske laget i lagopninga, altså finalen mellom dei beste landa i verda, i Barcelona.

Draumen er, ifølgje Geir, å få tre blad Gulliksen til OL i Paris i 2024.

Bruce Springsteen, ja. Kva var det han eigentleg sa til Geir?

Sjå «Familiens ære» i NRK TV og på NRK 1 fredagar kl. 20.05.