Den spesielle hendinga skjedde under eit løp på Newbury galoppbane i England i helga. William Buick og hesten Modern Games kom i stor fart opp på sida av hesten Chindit.
Chindit, med jockey Pat Dobbs på ryggen, styrte hovudet mot venstre og glefsa etter Buick.
TV-bileta viste at han fekk eit lite jafs av Buicks venstrehand.
Buick fekk skubba bort rivalen og kom seg i mål fleire hestehovud føre resten.
– Han fekk tak i meg. Det er veldig uvanleg, eg har aldri opplevd liknande, fortel William Buick til NRK.
STJERNER: William Buick feirar ein siger saman med Modern Games. Biletet er frå eit anna løp.
Foto: Darron Cummings / APBlir samanlikna med Luis Suárez
Ifølgje nettstaden med det passande namnet Bloodhorse, hadde Buick blodig venstrehand under intervjuet etter løpet. Bilete viser at nordmannen har fått eit sår etter hendinga på oppløpet.
Til NRK seier han at det er eit lite brannsår.
– Det er hestar vi driv med, ikkje maskiner. Dei har konkurranseinstinkt. Hesten likte ikkje at vi kom forbi og prøvde å bite, seier Buick.
Det gjorde at galoppskribent Stephen R Power samanlikna hesten med fotballspelaren Luis Suárez, som fleire gonger har bite motspelarar.
VM I BITING: Under fotball-VM i 2014 vart Italias Giorgio Chiellini (til venstre) biten av Luis Suárez (til høgre). Uruguayanaren fekk store smerter i tennene.
Foto: DANIEL GARCIA / AFP– Eg såg det, det var morosamt, seier Buick og ler.
Nordmannen fortel han at han og motstandar-ryttar Pat Dobbs har ledd av situasjonen etterpå.
– Det var godt å le av det i etterkant. Alt gjekk bra, og det vart eit rettferdig resultat der den beste hesten vann, seier han fornøgd.
Rir om millionar
Thomas Gjelsaas er administrerande direktør i Øvrevoll Galopp, og humrar når han ser klippet av den bitande hesten.
– Det har eg aldri sett før, men det ser nok verre ut enn det er, seier Gjelsaas til NRK.
– Det er nok noko hesten gjer i affekt, det ser ikkje ut som det ligg noko vondskapsfullt i det, seier Gjelsaas.
No står den norske jockeyen framfor ein svært viktig periode. Dei neste vekene er det fleire storløp på programmet. Laurdag 3. juni er det Epsom Derby.
– Det er det viktigaste løpet i galoppsporten og eg har favoritten. Han har vore prikkfri hittil i sesongen, seier Buick.
Royal Ascot-veka, den største galoppfestivalen i verda, står på programmet 20. til 24. juni. Løpa har i år ein saftig premiepott på 9,52 millionar pund. Det er snautt 130 millionar kroner etter dagens kurs.
I tillegg kjempar norske Buick om å bli engelsk «champion» for andre året på rad. Den tittelen går til jockeyen som vinn flest galoppløp. I fjor vann han 201 løp og vart «champion».
To veker inn i sesongen i år har han teten med 16 sigrar, eitt av dei med bitande motstandarhest.
VANN: William Buick poserer med pokalen som bevis at han vart «champion» i 2022.
Foto: GLYN KIRK / AFP