Aksel Lund Svindal under Mesternes Mester sesong 13

OPPLEGG: Det er mykje som skal til for å lage ein god intro til konkurransane i Mesternes mester.

Foto: Stian Foss / Nordisk Film/NRK

Dei ukjente heltane

Det er eit av Noregs mest populære program. Men få veit kor mykje det faktisk krev å lage det.

Kronidioten. 90-graderen. Jerngrepet. Hinderbanen. Natt-test. Desse orda har blitt ein naturleg del av vokabularet til det norske folk.

Tidlegare idrettsheltar blir aktualiserte på nytt. Den yngre generasjonen får plutseleg nye forbilde.

Vi blir vitne til inspirerande historier. Det er «feelgood»-stemning. Fellesskap. Viljestyrke. Konkurranseinstinkt. Eit enormt konkurranseinstinkt.

Det er slik vi kjenner «Mesternes mester».

Mesternes mester sesong 12 - Jerngrep
Foto: Sunniva Luca Veliz Pedersen

Mange har følgt programmet frå barneskulen og ut vidaregåande til det store steget inn i vaksenlivet.

Men det er utruleg mykje vi sjåarar ikkje ser. Planlegginga. Logistikken. Slitet med å rigge opp og rigge ned. Alle arbeidstimane i forkant, under og etter innspeling.

Dei som får det heile til å gå rundt.

– Legg lista høgt

For sjølv om «Mesternes mester» går på TV i berre ti veker er det eit heilårsprosjekt som krev utruleg mykje av mange.

– Det er ganske mykje jobb, og det er enda meir jobb bak kulissane enn det eg hadde sett for meg, seier den tidlegare alpinisten og fjorårets vinnar Aksel Lund Svindal.

Han har tatt over som programleiar etter Dag Erik Pedersen som leia programmet i 12 sesongar.

– Når vi spelar inn er det veldig mykje å tenke på. Det er eit stort apparat som legg lista høgt, så ein føler presset på at ein må levere på det gitte tidspunktet, fortset Svindal.

Aksel Lund Svindal, programleiar i sesong 13 av Mesternes Mester
Foto: Stian Foss

Før dei kan starte med å spele inn må «location-manager», saman med produsent, ein på bilderegi, produksjonsleiar, byggleiar og konkurranseansvarleg reise på synfaring og bestemme seg for kva plass som er mest gunstig å vere.

Innspelingsstaden må helst by på breie strender, store, flate område til dei ulike konkurransane, parkeringsplassar, plass for toalett, aggregat, oppsett av lunsj og anna type mat i løpet av dagen.

Ikkje minst må ein finne eit hus for deltakarane. Og her er det heller ikkje lite ein må sørge for.

I tillegg må alt av dokumentasjon vere i orden, og gjerast i samband med kommunens krav og reglar.

Når alt er klart kan ein endeleg reise og spele inn.

Mesternes Mester sesong 13 - Kristiansand/Lillesand

KRAV: Huset deltakarane skal vere i må vere stort og ha rom nok for alle. Det skal vere kjøkken og mat nok til alle. Det skal vere vaskemaskin og tørketromlar.

Mesternes Mester sesong 13. Kristiansand/Lillesand

AREAL: I tillegg må det vere eit ekstra hus i nærleiken der dei utslåtte kan vere. For her i Noreg kan dei ikkje berre booke seg inn på hotell.

Mesternes Mester sesong 13 - Kristiansand/Lillesand

AVSLØRT: Hadde dei utslåtte stjernene booka seg inn på hotell hadde det blitt oppdaga med ein gong, og spenninga rundt kven som er med heilt til finalen kunne lett ha blitt avslørt.

Mesternes Mester sesong 13 - Kristiansand/Lillesand

IDYLL: Den komande sesongen er spelt inn i Kristiansand, Lillesand og omkring.

Eit tosifra antal kamera, høge stativ, lange lydbommar, metervis med kablar og store skjermar er blant anna det som må til for å fange alt på film.

På settet er det ein deltakaransvarleg som passar på at deltakarane har det dei skal ha og kjem tidsnok.

Fotografar, regissørar og lydteknikarar jobbar turnus for å følgje deltakarane i konkurranse, men også i reality-opptaka – det vil seie alt som føregår utanfor konkurransane.

Mesternes Mester sesong 13 - Lillesand/Kristiansand

BERING: Det er mykje utstyr som må berast frå A til B.

Produksjonen under Mesternes Mester sesong 13

Produsent og script: I det tekniske rommet i den eine lastebilen sit produsenten og scripten og ser på skjermane for å sørge for at alle bilde, poeng og kontinuitet blir riktig.

Foto: Stian Foss / Nordisk Film/NRK
To fotografar under Mesternes Mester sesoong 13

OPPTAK: To fotografar har rigga seg opp for opptak.

Foto: Stian Foss / Nordisk Film/NRK
Matpause under Mesternes MEster sesong 13

MATPAUSE: Ein av snikkarane har bursdag og crewet stemmer i med bursdagsssong i lunsjen.

Foto: Stian Foss / Nordisk Film/NRK
Mesternes mester 2022

I ALL SLAGS VÊR: Fotografane må tåle all slags vêr.

Foto: Per-Kåre Sandbakk
Mesternes Mester sesong 13 - Kristiansand/Lillesand

KONKURRANSEANSVARLEG: Konkurranseansvarleg Magnus Midttuner alltid med og passar på at konkurransane blir utførte på riktig måte.

Aksel Lund Svindal - Mesternes Mester

PÅ VATNET: Aksel Lund Svindal går nesten på vatnet. Her i forbindelse med ein introduksjon til ein av konkurransane.

Foto: Stian Foss / Nordisk Film/NRK

Noko av det viktigaste i «Mesternes mester» er konkurransane, og ein eigen konkurranseansvarleg har ansvar for at konkurransane blir gjennomført på best mogleg måte.

Opptatt av rettferd

Denne mannen er Magnus Midttun.

Til dagleg jobbar han på Olympiatoppen, og brukar mykje tid på å utforme konkurransane saman med resten av produksjonsteamet.

Å få det heile til å sjå bra ut på kamera er berre éin av mange ting dei må tenke på. Konkurransane må også passe til dei ulike temaa utøvarane skal gjennom, og ikkje minst passe til installasjonane som går an å lage i praksis. I tillegg må lyden hentast inn både frå konkurransar i vatn og på land.

Alt må klaffe med tida dei har til å gjennomføre kvar enkelt konkurranse, derfor er arbeidet med å velje riktig stadar for konkurransane svært omstendeleg og krevjande. Arenaene må også vere slik at Midttun kan følgje med utøvarane heile vegen.

– Vi tenker også på skaderisikoen til utøvarane, og at dei får vist kva dei er gode for. Vi prøver å ha eit bredt utval av konkurransar slik at utøvarane er innom ferdigheitene vi tenker er relevante – og som er kjente frå sin eigen idrett sjølv om det kanskje er i eit anna format.

Konkurranseansvarleg i Mesternes mester, Magnus Midttun, saman med produsent Martine Holbye.

PLANLEGGING: Konkurranseansvarleg i «Mesternes mester, Magnus Midttun, saman med produsent Martine Holbye».

Foto: Stian Foss / Nordisk Film/NRK

Av og til snakkar han med professorar og forskarar frå Olympiatoppen og Noregs idrettshøgskole for å sørge for at alle detaljar munnar ut i ein perfekt oppbygd konkurranse.

– Det mest utfordrande er å få det rettferdig. Det er noko vi heile tida jobbar mot, at deltakarane deltar på like vilkår, og føler at dei blir tatt på alvor, seier han.

Dei må blant anna forsikre seg om at underlaget i enkelte konkurransar er likt for alle deltakarane. Slik at ingen får nokon fordel der dei står.

Midttun legg vidare vekt på at det artigaste med jobben er å lage konkurransar som vekker konkurranseinstinktet i utøvarane.

– Det er svært givande å sjå at utøvarane gler seg til å konkurrere i ein del konkurransar dei ikkje har vore borti før og som kan vere uvant og skremmande for dei, men som dei samtidig gler seg til å teste ut sjølv.

– Og så er det magisk når samspelet mellom oss som produserer klaffar. Når vi endar opp med å få ein konkurranse som er godt gjennomført av alle, understrekar han.

Sjølv om det er svært strenge tryggingstiltak kan ting bokstaveleg talt gå på trynet.

– Hjartet i halsen

Eit eksempel på det er deltakar Nadya Khamitskaya, som i førre episode fall av sykkelen i lagtempo-konkurransen.

Kjøttsåra var såpass djupe at dei måtte syast i etterkant.

– Vi hadde hjartet i halsen på den delen av løypa. Deltakarane har høg fart og er veldig tente, og har kanskje ikkje sykla lagtempo før, fortel Midttun.

Han påpeikar at dei alltid er skjerpa før, under og etter konkurransane, og at dei også i denne konkurransen hadde gjennomgang med deltakarane om kva faremoment dei burde vere obs på.

Dei var spesielt tydelege på at det var ein vanskeleg sving, men slike ting kan fort gå i gløymeboka idet startskotet går, ifølgje Midttun.

– Nadya var tydeleg på at ho skulle fortsetje, og at ho ikkje ville ha noko merksemd på skada før ho kom i mål. Men vi skjønte at ho måtte følgjast opp etterpå, fortel Midttun som også legg vekt på at dei har kontrollspørsmål under konkurransane for å sikre at det går bra med alle.

– Rett i seng

Det er ingen tvil om at jobben slit ut både kroppen og hovudet når tankemaskineriet står på for fullt gjennom ein heil dag med detaljstyring.

Når ein endeleg kan leggje beina på bordet etter endt arbeidsdag er det mange som føretrekker rekreasjon – på kvar sin måte.

For meg er det som regel anten rett i seng, fordi ein er så sliten, eller å få servert god mat og trene litt.

Bli med Aksel Lund Svindal på en omvisning på settet til Mesternes mester.

Bli med Aksel Lund Svindal på ei omvising på settet til Mesternes mester.

Midttun er også i tett dialog med snikkarteamet som bygger løypene. Seks snikkarar jobbar med å ha opp dei feitaste riggane, mange av dei reiser ned i forkant av innspelinga.

Ifølgje den tidlegare programleiaren, Dag Erik Pedersen, er snikkarane blant dei viktigaste brikkene:

Mange av konkurranseløypene er tunge installasjonar. Og mykje av det er som kunst ved at det er skjært ut i tre og lakka. Utan installasjonane har vi ingen «Mesternes mester», legg han til.

Det tar om lag tre veker å spele det inn, og i løpet av desse dagane skal logistikk-kabalen gå opp frå morgon til kveld.

Det er som ein rullande turné, der produksjonen må flytte seg fleire gongar om dagen sidan konkurransane går føre seg på ulike plassar.

Det fordrar kunnskap om infrastruktur og tett dialog med styresmaktene og politiet for å få dei godkjenningane som må til for å kome med bilar og lastebilar.

Lengre enn eg hadde trudd

Ingenting er overlate til tilfeldigheitene.

Det som kanskje overraskar meg er kor nøye dei er på å få det til å bli så perfekt, seier Aksel Lund Svindal.

Om det er eit fly på himmelen, ventar vi til det er floge bort. Kjem det ein båt for nærme, ventar vi til den er unna, legg han til.

Også programleiarjobben er samansett.

Det er lange dagar under innspeling, der han skal vere førebudd til å leie deltakarane gjennom dagen – samt at han må konstant vere påkobla slik at han kan stille riktige og relevante spørsmål til idrettsheltane.

Av og til er dei ikkje ferdige før ved midnatt – etter natt-testen.

– Dagane på sett var lengre enn eg hadde trudd. Deltakarane hadde nokre fridagar, men det hadde ikkje eg. Vi planla og såg på location for neste dag, fortel 38-åringen.

Aksel Lund Svindal som programleder i Mesternes mester, ser inn i kamera
Foto: Stian Foss / Nordisk Film/NRK

I starten var det også utfordrande å få organisert det på ein måte som gjorde at dei fekk TV-bilde utan å øydelegge spontaniteten.

Som idrettsutøvar kjenner eg på den gleda over å vinne eller sorga over å tape. Eg ville ikkje forstyrre dei mens dei var i eit slikt emosjonelt augeblikk.

– Men etter kvart så vart både dei og eg meir rutinert.

Kunne ha gått skikkeleg gale

Trass i at alt er planlagt ned i minste detalj, så møter dei stadig på utfordringar

Publikum som kjem og vil sjå på. Nabohus som plutseleg skal bygge nytt tak. Eit brått regnvêr. Bølgjer som lagar for mykje lyd når dei treff strandkanten.

Det blir ekstra planlegging. Ny logistikk. Meir prat med styresmaktene. Meir ventetid.

– I fjor heldt det på å gå skikkeleg gale, seier produsent Martine Holbye.

Under innspelinga i Arendal bles det plutseleg opp til storm. Vindkasta var så kraftige at dei tok knekken på trea som omgav produksjonen. Eit tre raste berre ein halv meter frå lydteknikaren.

Då var det berre å pakke saman, seier Holbye alvorleg.

Det var mykje teknikk som skulle flyttast frå ein location til ein annan som dei enda ikkje visste kvar var.

Å rigge ned utstyr tar fort ein time. Mens det å rigge opp tar to rundt to timar.

Fotograf i Mesternes Mester 2013

FYSISK: Det kan vere tunge tak å lage god TV.

Foto: Stian Foss / Nordisk Film/NRK

Da fekk vi også god hjelp frå kommunen til å finne ein location med le, fortel Martine.

Til slutt fekk dei gjennomført konkurransen: Skranken.

På TV ser det heilt stille ut.

For uventa ting kan skje. Derfor har dei alltid med ein sjukepleiar. På dei største konkurransane er det også med ambulanse. I konkurransane ved havet har dei med dykkarar.

Likevel klarer dei å halde på godt humør og stå-på-vilje. I alle fall ifølgje både den noverande og den tidlegare programleiaren.

Heile produksjonen består av berre flinke og positive folk. Det var tolv fantastiske år – eg høyrde aldri ein krangel. Alt har berre vore «feelgood». Det har aldri vore noko uvennskap, fortel Pedersen.

Kunne ha floppa

I fleire andre land har «Mesternes mester» floppa. Men ikkje her til lands.

Det har vore ein formidabel suksess. I førre veke var det over 1,3 millionar nordmenn som såg «Mesternes mester».

Ifølgje Vilde Schanke Sundet, medieforskar ved Universitetet i Oslo, er det fleire grunnar til det.

Det norske formatet har vore oppteken av at det skal vere «feelgood». Det har vore eit godt grep i Noreg.

– Likar dei som jobbar hardt

Ho understrekar vidare at kombinasjonen av konkurranse, reality og kjendis har sterke dragningar på publikum, og i kombinasjon skapar eit slitesterkt format.

Forsker Vilde Schanke Sundet

NORSKE VERDIAR: Vilde Schanke Sundet, medieforskar ved Universitetet i Oslo, trekker fram mange grunnar til at «Mesternes mester» er blitt så populært.

Foto: UiO

– Å sjå det unike konkurranseinstinktet til gamle idrettsheltar, og å sjå dei i full aksjon er gøy fordi dei går lengre enn vanlege folk. Dei er raske og uthaldande.

I tillegg speglar programmet norske verdiar som hardt arbeid, stå-på-vilje, samhald og styrke. For ikkje å nemne at den viser historia om idrettshelten som trass i motstand, skadar og alt det dei må ofre, for å lukkast til slutt.

– Vi i Noreg likar dei som jobbar hardt, konstaterer Sundet.

Ho meiner det må vere eit attraktivt program å vere med på. Som deltakar veit du at du blir tatt godt i mot, og at du som gamal idrettsstjerne kan bli aktualiserte på nytt og få nye følgjarar.

Men den viktigaste ingrediensen i suksessoppskrifta, ifølgje Sundet, er at programmet ikkje berre vel ut folk etter prestasjon, men også etter menneskeleg evne.

– Vi har nokon av dei største heltane i samfunnet, men dei ber også på sterke historier utanfor idrettsarenaen.

«Mesternes mester» gir oss idrettsnostalgi. Spenning. Fellesskap. Lagånd. Blodig alvor. Motstand. Suksess. Heltar. Og menneske.

Det er prestasjonar, men vel så viktig er omsorga for kvarandre.

Slik er det også for alle som jobbar i kulissane. Mot ei felles retning. Å skape eit program som heile familien kan sjå på og kose seg med saman.

Det kan også Aksel Lund Svindal bekrefte:

Programmet er genuint og det er artig. Produksjonen er utruleg bra, og som deltakar aksepterer ein lett premissane om at det ikkje er noko drama, og at ting er lagt opp rettferdig, seier han.

Du kan sjå «Mesternes mester» når som helst i NRK TV, eller på NRK 1 kl. 20.55 i kveld.