Hopp til innhold

Wizz Air tapte rettssak mot fylkeskommune

Agder tingrett har avvist Wizz Air sitt søksmål mot Agder fylkeskommune.

FILE PHOTO: Outbreak of the coronavirus disease (COVID-19) in Luton

Flyselskapet Wizz Air gjekk til sak mot Agder fylkeskommune etter at dei oppfordra sine tilsette til ikkje å bruke selskapet på tenestereiser.

Foto: Andrew Boyers / Reuters

Det er konklusjonen i ein kjennelse frå Agder tingrett.

Partane møttest i tingretten i slutten av august.

Det ungarske selskapet kravde at fylkeskommunen skulle dømmast for ulovleg boikott.

Bakgrunnen for kravet er at fylkeskommunen oppfordra sine 3000 tilsette til ikkje å bruke Wizz Air på tenestereiser.

Fekk ikkje medhald

Årsaka var mellom anna kritikk for at selskapet motset seg fagforeiningar. Då kvitterte selskapet med trugslar om søksmål.

Wizz Air meiner dei har tapt maknadsandeler og omdømme etter vedtaka. Økonomiske tap har vore vanskeleg å berekne sidan boikottane kom saman med pandemien.

Difor kravde dei kun at boikotten vart dømd ulovleg. Dette fekk dei altså ikkje medhald i. Samstundes må selskapet betale fylkeskommunen sine sakskostnader på nesten 340.000 kroner.

Tingretten peikar mellom anna på at Wizz Air ikkje lenger flyr innanriks i Noreg.

Dei peikar også på at tilsette i fylkeskommunen må bestille billett gjennom reiseselskapet Berg-Hansen, som Wizz Air sjølv har valt å ikkje vere tilknytt.

Varsla fleire søksmål

Wizz Air varsla om at fleire norske kommunar og offentlege organ også kan vente seg søksmål.

Selskapet sende søksmålvarsel til Agder fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Bergen kommune, Viken fylkeskommune, Stord kommune, Oslo kommune og Statnett.

Wizz Air har sagt at dei ville avvente den rettslege behandlinga i Agder tingrett før dei eventuelt tek nye rettslege skritt.

Boikott-vedtaka fleire stader i landet oppstod etter at Wizz Air starta innanriksruter i Noreg i fjor.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %